Olav Inge Nordbø (t.v.), AT Skog sin regionleiar i Vest-Telemark, og Gunnar Nesland, leiar i Fyresdal skogeigarlag, er spente på om samvirkeprinsippet vil overleve årsmøtet i AT Skog.
Olav Inge Nordbø (t.v.), AT Skog sin regionleiar i Vest-Telemark, og Gunnar Nesland, leiar i Fyresdal skogeigarlag, er spente på om samvirkeprinsippet vil overleve årsmøtet i AT Skog.

Samvirkeprinsippet blir sett på prøve

Norske Skog har vedteke at prisen på furu- og granslip skal vere avhengig av avstanden til industrien som kjøper råvara. Styret i Agder-Telemark Skogeierforening er ikkje samd, og har for 2002 vedteke lik pris uansett geografi. Årsmøtet til foreininga skal i april diskutere om skogeigarane i industrinære område skal halde fram med å subsidiere utkantkommunane i Vest-Telemark. – Det blir spennande å sjå kor lenge samvirkeprinsippet gjeld når det kjem til pungen, seier Gunnar Nesland, leiar i Fyresdal skogeigarlag.

Norske Skog har frå nyttår 2002 vedteke at tømmerprisen til skogeigarane er avhengig av avstanden til industrien. Vedtaket gjeld massevirke av furu og gran.

– Norske Skog har gjort eit distriktsfientleg vedtak. Selskapet tenkjer bare kroner og øre. Me er bundne på hender og føter, og totalt avhengige av Norske Skog for å få levere tømmer. Me har ikkje noko me skulle sagt, industrien styrer, seier Olav Inge Nordbø i Fyresdal, AT Skog sin regionleiar i Vest-Telemark.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vedtok lik pris

AT Skog protesterte sterkt mot det nye prissystemet, utan at Norske Skog let seg påverke. Etter dette har styret i AT Skog vedteke lik massevirkepris for 2002 uansett geografi. Dermed subsidierer skogeigarane i industrinære område dei som er i utkantane. Skogeigarlaga skal drøfte saka på årsmøta, før representantskapen på årsmøtet 25. april i AT Skog skal kome med sitt syn om dagens subsidiering skal halde fram.

– Det forundrar meg ikkje om det blir rabalder på årsmøtet i AT Skog. Det blir spennande å sjå om dei med lågast transportutgifter på tømmeret vil subsidiere ein kommune som Fyresdal, seier Nordbø.

Gunnar Nesland, leiar i Fyresdal skogeigarlag, vil ikkje bli med på eit resultat som gjer at distrikta får svi. Han fryktar ein heftig debatt på årsmøtet.

Samvirkeprinsippet

Nesland vil stå på samvirkeprinsippet og ha lik pris i heile området til AT Skog.

– Det blir spennande å sjå kor lenge samvirkeprinsippet gjeld når det kjem til pungen. Det spørs om Nissedal, Fyresdal og Vrådal blir teke like godt vare på nå som før. Då stod me for ein tredel av aktiviteten i tidlegare Nidarå Tømmersalslag. Volumet og kvaliteten på tømmeret gjorde at me var velkomne, hugsar Nesland.

Skogeigarane i AT Skog har store eigarinteresser i Norske Skog, men det var ikkje nok til å hindre vedtaket som kan få store konsekvensar for tømmerseljarar i utkantane. Tidlegare har nokre skogeigarar teke til orde for å selje seg ut av Norske Skog. Vedtaket i Norske Skog kan blusse opp att debatten på årsmøtet.

– Vedtaket om ulike prisar gjer ikkje diskusjonen om å kvitte seg med aksjane i Norske Skog mindre, trur regionleiar Nordbø.

Kan bli trekt 65 kroner

Transportkostnaden for furuslip frå Fyresdal og fram til bedrift er på 170 kroner for kvar kubikkmeter. Det er same prisen furuslipen blir betalt med i dag. Skal tømmerprisen til skogeigarane vere avhengig av avstand til industrien, slik Norske Skog vil, kan ein skogeigar i Fyresdal i verste fall bli trekt 65 kroner kubikkmeteren, medan ein bøhering slepp med 30 kroner. Seljord og Kviteseid får 35 kroner i trekk, Tokke og Vinje 44 kroner og Nissedal 49 kroner. Driftspris og skogavgift gjer at nokre skogeigarar i verste fall kan risikere å måtta betale for å bli kvitt massevirke. Resultatet kan bli at kommunane i vestfylket blir samla i ei sone som får lågare tømmerpris enn andre soner nærare industrien.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Må ein betale for å bli kvitt furuslipen blir tømmeret truleg til ved i staden. Eller kanskje me må frede Fyresdal som naturreservat, skøyar regionleiar Nordbø.

Skogeigar Nesland håpar ikkje løysinga blir å leggje att furuslipen i skogen.

– Brennverdien til furua er bare 10 prosent under bjørka. Kanskje ved blir framtida for furuslipen. Men då må me finne ein marknad utanfor Fyresdal, meiner Nesland.

Verdiar på tilbod

Han og Nordbø ser tilbake korleis prisane i skogbruket har rasa nedover. Truleg er ikkje botnen nådd. Det einaste positive dei har sett siste åra, er at driftsprisen ikkje aukar, men heller er i nedgang.

– Dårleg pris på tømmeret gjev som regel dårleg avverking. Avverkinga i Fyresdal var i fjor nær 35.000 kubikkmeter tømmer, og det er to tredelar av det ho bør vere. Industrien, skogbruket og bygdene kan få eit problem framover, trur Nesland om utviklinga som teiknar seg. Tømmer for 11 millionar kroner blei frakta ut av Fyresdal i fjor. Nesland minner om at dette er viktige verdiar.

Totalt i Vest-Telemark blei det i 2001 drive 180.000 kubikkmeter tømmer. Prisane for naturproduktet er ikkje all verda. Likevel meiner Nesland at ein i allefall må halde fram med å hogge gammal gran.

– Prisane gjer at det er tyngre å vere skogeigar nå enn før. Dårleg økonomi i skogbruket vil gje utslag på planting, tynning og ungskogpleie, fryktar Nesland.

Håpar på solidaritet

Dieter Oswald, administrerande direktør i Agder-Telemark Skogeierforening, skriv i eit brev til skogeigarlaga at prinsippet om avstandsrelaterte prisar kan føre til at tømmer frå utkantstrøk blir direkte ulønsamt. Dessutan kan saka gjere at samhaldet i skogeigarorganisasjonen blir sett på ei hard prøve.

Artikkelen held fram under annonsen.

Til VTB seier Oswald seg svært glad for at styret viste vilje til å gje lik tømmerpris til skogeigarane i 2002, uansett avstand til bedriftene.

– Eg vil ikkje ha soneinndeling som gjev varierte prisar, men lik pris i heile området også i framtida. Dette er eit samvirkeprinsipp som har stått fast i mange år, og har vore eit fundament. Det er lang tradisjon i skogeigarsamvirket å vere solidariske. Eg håpar yrkesbrør i industrinære område er solidariske med yrkesbrør i Vest-Telemark, seier Oswald.

Han trur kjøparane av skurtømmer har ei anna haldning enn Norske Skog, og at ein derfor ikkje vil oppleve framlegg om ulike prisar frå dei.