Løyve til musejakt
Fylkesmannen i Aust-Agder har gjeve løyve for ein viss perioden til å fange smågnagarar og spissmus i Solhomfjell naturreservat. Reservatet er på totalt 23.648 dekar og ligg i kommunane Nissedal og Gjerstad.
Fangsten av smågnagarar og spissmus er ein del av Direktoratet for naturforvalting (DN, no Miljødirektoratet) sitt program for terrestrisk overvaking. Undersøkingane er ein del av arbeidet som blir gjort for å sikre god kunnskap om naturtilstanden i Noreg.