Ein kommune Kviteseid – Seljord

Det er med ei viss undring vi les innlegget til Hans Øy, både når det gjeld utviklinga av turistnæringa i Vrådal og økonomien for Kviteseid Kommune i åra som kjem.

Er det gjengs oppfatning i Vrådal at blomstrar turismen i Vrådal så blomstrar lokalsamfunnet?

Artikkelen held fram under annonsen.

Kva med t.d. skulen. Kva hjelp fekk dei som kjempa for å ta vare på skulestrukturen i Vrådal frå turistnæringa?

Held utviklinga fram slik prognosane seier blir det om 20-25 år så få born i skulepliktig alder i Kviteseid-Seljord, uansett om kommunen heiter Kvise, Morgedal eller Brødløs, at det er mest truleg at alle blir samla i ein sentralskule. Slik som forhandlingsnemnda i Kviteseid har posisjonert seg blir ein slik skule tvillaust lagt til Brødløs.

Ved nyetablering både av arbeidsplassar eller tilflytting av unge familiar med skulepliktige born er det fyrste spørsmålet som blir stilt er korleis er det med barnehage og skuletilbod.

Kor mange vil etablere seg i Vrådal dersom skuletilbodet blir dårlegare enn no?

Kva med eit oppegåande kulturtilbod i lokalsamfunnet Vrådal når det meste blir styrt frå sentraladministrasjonen i Seljord?

Kva seier vrådølane til desse spørsmåla?

Hans Øy har stor tru på at den nye samanslåtte kommunen og Dyrsku’n vil ha stor effekt for turismen i Vrådal.

At Dyrskuen med mykje ekstra tilretteleggingsarbeidarbeid frå Vrådal kan virke positivt er ikkje utenkeleg, men kva vil ein samanslått ny kommune bety ekstra?

Artikkelen held fram under annonsen.

Vi minner om at intensjonsavtala mellom Kviteseid og Seljord har peika ut Morgedal som den framtidige turistdestinasjonen i den nye kommunen. Då er det naturleg å tenke at kommunalt initiativ vil vera å stø opp om dette.

Utsegna frå Hans Øy om økonomi.

Det er ikkje semje i Stortinget om å skjera ned på basistilskottet, 13,3 mill kr til kommunar som framleis vil vera små. Regjeringa sitt framlegg om halvering blei avvist i kompromisset mellom Regjeringa, Krf og V. Ein del små kommunar vil etter dette koma betre ut av å stå åleine.

Geir Toskedal, Krf seier at fleirtalet i Krf reagerer på at inntektsystemet blei brukt som verkemiddel i kommunereformprosessesen.

Martin Kolberg, Ap er krystallklar på at frivillighetslina må følgjast.

Vidare skriv Hans Øy at Kviteseid kommune i 2017 tapar 1 mill kr i det nye inntektssystemet. Dette er halve sanninga. Kviteseid kommune får, iflg Rådmann Ø Tveit ei ny inntekt på 1,8 mill kr som kompensasjon, slik at kommunen får 800.000 meirtilskott i 2017.

Hans Øy avsluttar innlegget sitt med tankar omkring kommunale avgifter og eigedomskatt.

Dei kommunale avgiftene skal reknast ut etter sjølvkostprinsippet. For Kviteseid veit vi stort sett kva dette vil utgjera.

Artikkelen held fram under annonsen.

For den nye kommunen, med ei kjemperekning for ny vassforsyning til Seljord sentrum veit vi lite kva sjølvkost vil bli.

Når det gjeld eigedomskatt er det alt kommunestyrevedtak på at dette skal greiast ut i 2017.

At intensjonsavtala nærast garanterer at det ikkje vil bli innført eigedomskatt i den nye kommunen gjeld berre til 2020. Vi vil tru at den nye kommunen eigentleg ikkje ønskjer å innføre eigedomskatt. Kven ønskjer eigentleg det.

Men når det gjeld den nye kommunen står han fritt til å skive ut eigedomskatt om trongen melder seg. Her står det prioriterting mellom eigedomskatt og viktige og eller ønskjelege kommunale utgifter/tilskott på den andre sida.

Det kan vi i dag ikkje garantere oss mot.

For oss står det klårt at Kviteseid styrer seg best åleine. Der det trengst satsar vi på interkommunalt samarbeid. Her har vi gode røynsler både i retning av Nissedal og mot Vest-Telemarkregionen, Seljord medrekna.

Også vår nye kommune blir avhengig av Interkommunalt samarbeid på same omfang som no. Kva er då vitsen med å skape ein «mini storkommune»?

Jan Tore Sanner synest ikkje å ha den store lukka med seg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Trugsmål om tvang smuldrar bort og det nye inntektssystemet for å tvinge kommunar til å slå seg saman glir ut av hendene på han.

Kva står «storkommunen» att med då? Eit par gode «gulrøter», som på litt lengre sikt blir tatt inn att med reduserte kommunetilskot. Dette er Høgre og Frp kjende for.

Kari og Torjus S Moen