– Kjempemoro, seier smed Øivind Klausen om kommunestyret i Fyresdal vel han til å ta seg av borgarlege vigslar framover, til dømes i Øyskogen. Smeden tek gjerne vigslar utanfor Fyresdal også.
– Kjempemoro, seier smed Øivind Klausen om kommunestyret i Fyresdal vel han til å ta seg av borgarlege vigslar framover, til dømes i Øyskogen. Smeden tek gjerne vigslar utanfor Fyresdal også.

Smed kan få vigslingsrett

Øivind Klausen (70) har smidd 120 par i hymens lenker. Nå vil både rådmannen og ordføraren i Fyresdal at han skal ta seg av borgarlege vigslar.

Frå nyttår trer det i kraft ei lovendring som gjer at kommunalt tilsette, ordførar, varaordførar eller andre folkevalte skal gjennomføre borgarlege vigslar. Det er kommunestyret som avgjer kven som skal få oppgåva.

Både rådmann Ketil O. Kiland og ordførar Erik Skjervagen i Fyresdal stadfestar til VTB at dei vil tilrå kommunestyret å velje den lokale smeden Øivind Klausen til å stå for vigslingane. For at han skal kunne ta jobben, må kommunen syte for ei eller anna form for tilsetting av den næringsdrivande som held til i Norheimsmia ved Foldsæ. Lovverket seier at både fast og mellombels tilsette kan vigsle.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me har fått bekrefta frå Barne- og likestillingsdepartementet at det er ok at smeden vier, viss det er greitt for kommunestyret og han er tilsett i kommunen, seier Kiland.

Klausen visste ikkje noko om forslaget før lokalavisa tok kontakt.

– Dette kom uventa. Eg er veldig takknemleg for forslaget, og det er moro å få den tilliten av øvrigheita, takkar Klausen rådmannen og ordføraren.

Også utanfor Fyresdal

Klausen har vore borti svært mange brurepar, så akkurat det er han van med. I Øyskogen i Fyresdal 11. august 2001 byrja han å smi nygifte i hymens lenker – klinke saman to hjarte framom dei. No har smeden heile 120 par på «samvitet», og har vore frå Bardufoss i nord til Sandnes i sør for å smi i hymens lenker. Kvart år frå 2003 har han møtt på Dyrsku‘n og «smidd saman par», totalt 14 til nå på folkefesthelga.

– Fyrste gongen der var eg veldig nervøs. Nå er eg for gamal til å vere nervøs, seier smeden med eit smil.

– Kva synest du om at kommunen vil ha deg til å gjennomføre vigslingane?

– Det blir kjempemoro, og det blir fint å vere saman med brurepar på deira lykkelegaste dag. Får eg vigselsrett håpar eg at eg kan ut av kommunen også, for det blir ikkje mange slike oppgåver i Fyresdal, svarar Klausen.

Sjå ut som smed

Han har stått saman med mellom anna Humanetisk forbund og Unitarforbundet i samband med borgarlege vigslar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg føler meg varm nok i trøya til å vigsle. Kvifor ikkje, seier smeden med eit smil.

– Blir det klarsignal frå kommunestyret er eg klar, også for papirarbeidet som må til for vigsling. På sjølve dagen er det ikkje stort meir å gjere enn å seie: «Vil du Geir ha …, fortset Klausen.

– Kva klede skal du ha på deg?

– Eg vil gjerne ha habitten eg har hatt når eg smir brurepar i hymens lenker. Eg skal ikkje ha kappe eller slike greier, men skal sjå ut som ein smed. Men eg må jo fyrst avtale med brureparet om det er greitt.

Klausen vil gjerne kombinere vigslinga med også å kunne smi paret i hymens lenker etterpå, om dei nygifte ynskjer dette.

Klausen veit at nokon arkeologar har sagt at smeden hadde lov til å vie folk i gamle dagar.

– Nå kan eg som smed snart vere der!

Smeden får varme tilbakemeldingar

Etter at Øivind Klausen har smidd par i hymens lenker, er det ikkje mangel på tilbakemeldingar. Her er ei helsing som kom nyleg frå Hokksund-området:

Artikkelen held fram under annonsen.

«Kjære Øivind. Ein perfekt septemberdag for eitt år sidan gifta vi oss – og dagen hadde ikkje blitt den same utan deg. Tusen takk for den fantastiske seremonien du heldt for oss. Det blei ei magisk stemning i skumringa, og vi med fleire syntest det var høgdepunktet på heile feiringa! Med dei aller hjartelegaste helsingar, Trine og Geir Ole.»