Frå nyttår er det kommunane som tek over borgarleg vigsel frå domstolane. Dermed er det ordførar Tarjei Gjelstad som kan kome til å vie deg om du har tenkt å gifte deg borgarleg i Kviteseid.
Frå nyttår er det kommunane som tek over borgarleg vigsel frå domstolane. Dermed er det ordførar Tarjei Gjelstad som kan kome til å vie deg om du har tenkt å gifte deg borgarleg i Kviteseid.

Snart kan ordførarane vie deg

Skal du gifte deg borgarleg i 2018? Då er det ikkje tingretten, men kommunepolitikarar som skal stå for vigselen.

– Eg kan gjerne bli med til Ordalsåta eller andre toppar eg, smiler Tarjei Gjelstad (Ap).

Ordføraren i Kviteseid tek den nye oppgåva si med eit smil. Han har akkurat byrja å setje seg inn i forskriftene som blir gjeldande frå nyttår 2018. Ansvaret for dei borgarlage vigslane blir då overført frå tingrettane til kommunane. Ordførar og varaordførar får automatisk vigslemynde, men også andre folkevalde og kommunalt tilsette kan få oppgåva om kommunestyret bestemmer det.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vil hjelpe til med utevigsel

– Det kan bli ei veldig spennande oppgåve. Det er jo noko nytt ein ikkje har gjort før, men me skal gjere det på ein god og verdig måte, seier Gjelstad.

Rommet tingretten har brukt som vigselsrom ligg rett ved sidan av ordførarkontoret på kommunehuset i Kviteseid, så den store skilnaden trur ikkje Gjelstad det blir.

– Men me står litt friare når det gjeld lokale. Om brureparet vil gifte seg ute eller på ein spesiell stad skal me kunne hjelpe til med det. Bygdetunet er ein fin stad, bryggja ein annan og me har mange fine fjelltoppar om nokon tenkjer seg eit litt uvanleg bryllaup, seier ordføraren.

Sorenskrivaren opplyser at det i 2016 var elleve borgarlege vigslar i heile Vest-Telemark. Gjelstad trur ikkje det vil bli ei tung bør som ordførar.

– Eg trur eg skal få tid til alle i Kviteseid iallfall, smiler han. 

Ynskjer brurepar hjarteleg velkomen

I Seljord er ordførar Halfdan Haugan (Ap) glad for moglegheita kommunen får ved å ta over borgarleg vigsel.

– Det her synest eg blir veldig spennande. Me må ta nokre rundar i kommunen for å finne ut korleis me best skal kunne lage ei fin ramme rundt dette. Når me fyrst får denne sjansen må me utøve dette på ein flott og verdig måte og finne eigna lokale til det, seier Haugan.

Han opnar også for at andre folkevalde i kommunen kan få retten.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Om andre folkevalde ynskjer det synest eg det er veldig ok. Men eg trur ikkje det blir så mange bryllaup at eg og varaordførar ikkje skal klare å handtere dei vigslane som kjem.

I helga blei som vanleg eit brurepar smidd i hymens lenker på Sterke-Nils-tunet på Dyrsku’n. Kanskje blir det vigsel ved ordføraren der neste år?

– Ja, det kunne vore moro. Eg snakka faktisk litt med smeden nå i helga og drodla litt med han, seier Haugan, som er klar for bryllaup.

– Eg vil invitere alle seljordingar eller andre med tilknyting til bygda, med gifteplaner hjarteleg velkomen til borgarleg vigsel i regi av kommunen.

Skal ikkje vere konservativ

Vinje-ordførar, Jon Rikard Kleven (Sp), fortel at dei så vidt har begynt å diskutere korleis dei skal utføre den nye oppgåva på kommunehuset i Åmot. Han trur ikkje lovendringa krev store omstillingar i kommunen, og trur i fyrste omgang ordføraren  og varaordføraren kan ta ansvaret.

– Me kan nok sjå undervegs om det er behov for fleire med vigselsmynde. Me har ikkje samla inn noko statistikk på kor mange vigslar det vil gjelde enno, men eg vil ikkje tru det er så veldig mange gonger i løpet av året. Så får me sjå om det blir under vatn, i fallskjerm eller kva det blir, seier han humrande, og røper at han ikkje skal vere konservativ.

– Det må vere opp til det enkelte paret. Om dei vil gifte seg ute eller på ein spesiell stad, skal ikkje eg vere så veldig konservativ. Det er veldig hyggeleg at folk inngår ekteskap, og om ein ynskjer borgarleg vigsel skal kommunen hjelpe dei så godt dei kan, seier Kleven.

– Trist at det blir flytta frå domstolane

Tokke-ordførar Jarand Felland (Sp) synest ikkje noko om at kommunane får ansvaret for dei borgarlege vigslane.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er jo slik at regjeringa har sett i gang med ei kommunereform som skal gje fleire oppgåver og makt til kommunane. Men eg vil ikkje akkurat seie at dette er ei veldig stor eller betydingsfull oppgåve. Det blir som berget som fødde ei mus, seier Felland.

Som tidlegare advokatfullmektig har Felland vigd mange par tidlegare, og trur kommunen vil løyse oppgåva greitt.

– Dette skal me klare veldig fint. Eg har vigd mange par tidlegare, og tenkjer kommunestyresalen kan vere eit eigna lokale. Elles har eg også vigd på gardstun og støylar, så utevigslar må me også kunne legge til rette for, seier ordføraren, som også trur det er lurt at fleire enn han og varaordføraren får moglegheit til å vie.

– Det kan nok vere lurt på sikt, om mange vil gifte seg i fellesferien til dømes, meiner Felland.

Han er redd lovendringa vil påverke domstolane.

– Eg synest jo det er litt trist at ein svekkjer domstolane og er bekymra for framtida til dei. Om ein plukkar ut funksjonar litt etter litt er eg redd ein like godt kan leggje ned heile tingretten om nokre år, seier Felland.

– Håpar me kan gjere noko kult ut av det

I Fyresdal er Erik Skjervagen (Ap) samd med naboen i Tokke, men vil likevel utnytte moglegheitene dei får på best mogleg vis.

– Dette er ikkje noko eg ville prioritert å få til kommunen. Heilt ærleg synest eg det er noko tull. Men når det er sagt tenkjer at me må gjere noko kult ut av det, seier Skjervagen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ordføraren presiserer at dei ikkje i det heile har byrja å planlegge overtakinga av vigselsoppgåvene, men han har likevel nokre tankar.

– Eg tenkjer jo på smeden Øivind Klausen som smir dyrskupar i hymens lenker kvart år, med ein gong. Kanskje me kunne fått til noko heilt spesielt med han. Men eg har ikkje sett meg inn i reglane enno, og veit ikkje om me må få han til å bli folkevald fyrst, seier Skjervagen.

Sjølv har han enno ikkje blitt spurd av komande brurepar om han kunne tenkje seg å vie dei.

– Det blir sikkert hyggeleg, om dei har lyst til det. Me har jo ikkje så mange bryllaup her, så det blir sikkert ei koseleg oppgåve det.

– Kva slags eigna lokale har de?

– Næringshagen vår har jo blitt eit staseleg lokale. Elles har me flotte moglegheiter utandørs. Eg kan gjerne bli med til Kvipt, Øyskogen og fleire andre naturperler eg, seier Skjervagen.

Har nokre venepar som ligg tynt an

Halvor Homme (Ap), ordførar i Nissedal, synest det er positivt at kommunen tek over borgarleg vigslar. Enno har ikkje kommunen sett på korleis dei skal handtere oppgåvene.

– Eg tenkjer det er positivt, men om det kjem til å bli veldig mykje nytta er eg meir usikker på. Men om me får spørsmålet, trur eg det blir veldig flott. Me skal syte for å utføre dette på ein verdig og flott måte. Dette ser eg fram til, seier Homme.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ordføraren trur ikkje det blir nødvendig at fleire enn han og varaordførar får vigselsmynde.

– Det må vere ordførar og varaordførar tenkjer eg. Eg trur ikkje det blir så mykje press, me politikarar brukar mykje helger i dag au. Det er ofte kulturelle oppdrag, og det er noko av det som er mest artig med ordførarjobben, seier Homme.

– Har du høyrt om nokon par som kan tenkje seg å bli vigd av deg?

Ikkje konkret, men eg har nokre venepar som ligg tynt an. Eg tenkjer dei må vere perfekte kandidatar om eit par års tid, humrar ordføraren.

Om dei får med seg oppmodinga har dei full fridom til ein utradisjonell vigsel. Nissedal-ordføraren skal ikkje setje seg på bakbeina om brurepar vil ha han med utandørs.

– Absolutt ikkje. Om nokon vil til Jettegrytene og gifte seg skal eg ta med meg badebuksa. Elles er det berre meir og meir populært med fjellturar her i Nissedal – eg skal nok klare å karre meg opp ein fjelltopp om nokon vil gifte seg der.