Tilskot til trafikksikringstiltak
Fylket har nå delt ut midlar til trafikktryggleikstiltak. Vinje, Seljord, Fyresdal og Tokke får støtte til ulike prosjekt.
– Dette er med på å gjere Telemark litt tryggare for dei mest sårbare i trafikken, nemleg syklistar og gåande. Dette er millionar som betyr så mykje for at fleire kan gå eller sykle trygt til skulen, seier fylkesordførar, Sven Tore Løkslid (Ap).
Mest til Vinje
Artikkelen held fram under annonsen.
Vinje kommune får 2 millionar kroner til å bygge 570 meter gang- og sykkelveg langs fylkesveg 352 mellom Neslandskrysset og avkøyringa til Attføringssenteret. Dette er den fyrste delstrekninga av ein gang- og sykkelveg som skal bli 2,6 kilometer. Dette er den største enkeltsummen som blir delt ut i årets «Aksjon skoleveg».
Seljord kommune får 480 000 kroner for å lage 120 meter fortau og 110 meter gang- og sykkelveg langs Ingrid Slettens veg. Fyresdal kommune får 1 155 000 kroner til å bygge 260 meter gang- og sykkelveg frå Århusvegen til Prestegardsvegen langs fylkesveg 355, og Tokke får 50 000 kroner til å revidere kommunen sin trafikktryggleiksplan.
Rekordstor
Tildelingane kjem frå tilskotsordninga «Aksjon skoleveg», ei ordning der kommunane i Telemark kan få støtte til å planlegge og bygge fysiske tryggleikstiltak på kommunale og fylkeskommunale vegar.
– Den rekordstore millionløyvinga fordelt i heile fylket gjer Telemark endå litt meir attraktivt som den trygge og gode bustaden. Gjennom storsatsinga «Vei i Vellinga» auka me også potten til «Aksjon skoleveg» nettopp for å kunne gje endå fleire kommunar tryggare skulevegar, seier Løkslid.
Budsjettet for «Aksjon skoleveg» blei gjennom «Vei i Vellinga» auka frå 8 millionar kroner til 12 580 000 kroner. Totalt får 13 kommunar i Telemark støtte til prosjekt i 2018.