Årsmøte i Vinje Nei til EU
Referat
Vinje Nei til EU hadde årsmøte på Trevet, Åmot 24 feb. Det var vanlege årsmøtesaker som gjekk greit unna.
Det nye styret er: Leiar Grethe Sørbø Solstad, sekretær Halvor Øygarden, kasserar Birger Solstad, styremedlemer, Øystein Romtveit og Kari Jenssæther. Vara Nils Ole Lien og Solveig Ringhus.
Artikkelen held fram under annonsen.
Leiaren gav ei orientering om arbeidet:
Medlemstalet var i 2015 88, ein ned gang på 2 sidan 2014. Når me veit at det er svært mange i Vinje er mot EU medlemskap, så må det vera mogleg å auke medlemstalet mykje. Det er ikkje eige lag i Tokke. Det må difor vera ei viktig oppgave for oss å anten få dei til å melde seg inn i Vinje Nei til EU eller å skipe eige lag.
Det er ikkje fare for norsk EU medlemskap no, men EØS avtala rullar vidare og regjeringa godtek alle nye lover og forskrifter som kjem frå EU. Den viktigaste arbeidsoppgåva for Nei til EU er å få til ei utmelding av EØS gjennom ei folkeavrøysting. EØS avtala virkar negativt på norsk demokrati, også lokaldemokratiet og har blitt ei dyr avtale etterkvart.
Dei nye avtalene, TTIP og TISA som blir forhandla fram mellom USA og EU vil truleg føre fram til meir privatisering med mange uheldige sider. Det gode samfunnet me har, har ikkje kome av seg sjølv og det må me taka vare på. Nei til EU sentralt fylgjer nøye med på dette.
Elles er det slik at norsk presse ikkje dekkjer det negative som skjer i EU: Danmark hadde ei viktig folkerøysting om det juridiske samarbeidet. Det danske folk sa eit tydeleg nei. Dette vart knapt nemnt her i landet. Finland har no kome inn i ei økonomisk krise. Det er Euroen som er ei viktig årsak til dette og det vert no arbeidd med å koma ut av Eurosona. Hellas hadde ei folkeavrøysting der heile 61 % kravde betre vilkår innom EU.
I dagens norske «krise» ville det gått langt verre dersom me hadde hatt euro. No går den norske krona ned i verdi og konkurranseevna for all norsk industri blir mykje betre.
Vinje Nei til EU Halvor Øygarden ref.