Britt Johnsen, Liv Midttveit, Jan Erik Landgård, Ingrid Margrethe Botn, Trude Botn, Rosalinn Sandvik Djuvet, Inger Signe Bråstøyl, Kari Årlid og Kenneth Hylland. Framme frå venstre: Anita Gudbrandsen, Laila Kringlåk og Maria Solberg Holte.
Britt Johnsen, Liv Midttveit, Jan Erik Landgård, Ingrid Margrethe Botn, Trude Botn, Rosalinn Sandvik Djuvet, Inger Signe Bråstøyl, Kari Årlid og Kenneth Hylland. Framme frå venstre: Anita Gudbrandsen, Laila Kringlåk og Maria Solberg Holte.

Kakeringen fekk Diakoniprisen

Gjennom tolv år har den populære kafeen i Åmot vore ein samlingsstad for folk frå nær og fjern. Sundag fekk dei eit synleg bevis på kva dei har betydd for Vest-Telemark.

– Det luktar fersk jolekake av Diakoniprisen denne gongen. Staden som får prisen er vorte ein institusjon i Vest Telemark. Her har vi ein kafé  som seier til alle: «Ver velkomne! Kom inn!», sa prostdiakon Eilev Erikstein då han sundag delte ut Diakoniprisen for 2018 til dei tilsette i Kvito-bedrifta Kakeringen i ein seremoni på Kulturhuset på Dalen.  

Grunngjevinga til Prostidiakonatet i Vest-Telemark var full av lovord.  

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette er ein stad der folk kan kjenne at dei er verdt noko. Det ser ut til å gjelde anten ein står bak disken eller nyttar staden som gjester. Personalets inkluderande veremåte gjer at mange kjenner at dette er kafeen deira. Ein får mykje godt både for kropp og sjel her. Det gjeld så vel mannfolkgjengen om morgonen, eller enkegruppa som ventar på å gå tur. Eller ein gjeng helsefolk som tek lunsjen sin her. Kakeringen lever opp til visjonen for diakonien i Vest- Telemark: Å gjera Vest- Telemark til ein varmare stad å bu, kytte Erikstein.  

Tørka tårer i bakeriet 

Fredag førebudde dei tilsette på Kakeringen seg på ein kjenslesterk sundag. Dei fekk vita om prisen tidleg i påskeveka, og har gledd seg over den kvar dag sidan.  

– Tårene begynte å trille, fortel Britt Johnsen, som har arbeidd på Kakeringen heilt sidan oppstarten. Det er som om ho opplever det på ny, og tårene trillar endå litt til.   

Diakoniprisen blei delt ut på Dalen sundag. Britt Johnsen (f.v.), Trude Botn, Jan Erik Langgård, og Kari Årlid.
Diakoniprisen blei delt ut på Dalen sundag. Britt Johnsen (f.v.), Trude Botn, Jan Erik Langgård, og Kari Årlid.

Det var ikkje berre for Britt at beskjeden blei ei sterk oppleving.  

– Oppvasken gjekk som ein leik den dagen Eilev kom innom. Det var litt tårer i augo hjå alle, trur eg, fortel dagleg leiar Trude Botn.  

– Det er veldig moro å få påfyll av denne sorten. Då blir ein om mogleg endå meir glad i jobben sin, seier tidlegare dagleg leiar Kari Årlid, som no er teamleiar for varig tilrettelagt arbeid.  

– Når me får ei slik anerkjenning så gjer me noko rett, tenker eg, seier Botn.  
– Det var ei stor overrasking, og ikkje noko som var i tankane våre ein gong. Me gler oss til å høyre grunngjevinga, seier Årlid.  

– Ja, han ville ikkje seie så mykje om den. Men han sa at det ikkje hadde vore nokon diskusjon, det var samrøystes avgjort at me skulle få han, fortel Botn, tydeleg stolt.    

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me får minst like mykje i retur

Til dagleg jobbar det om lag 15 personar på Kakeringen, fordelt på servering, kjøken, bakeri og kasse. Så godt som alt Kakeringen har på menyen blir laga dagleg på huset. Til hausten fyller kafeen tolv år, og stemninga blant dei tilsette er stadig like god.  

– Alle er så glade når ein kjem på arbeid. Det er heilt fantastisk. Det er så mykje omsorg her, og det er ikkje gitt på ein arbeidsplass, seier Botn.  

– Dei som jobbar her er veldig stolte av det dei gjer. Det gjev dei livskvalitet, seier Årlid.  

Leiarane føler seg djupt privilegerte som får lov til å jobbe der dei gjer. Dei får ikkje fullrost gjengen sin nok.  

– Det å bidraga til å gjera ein forskjell for folk. Å sjå kva det gjer med folk når dei meistrar. Det er så fint og lærerikt. Me lærer stadig nye ting om andre folk. Me skal utvikle og gje kompetanse til arbeidstakarane, men det får me minst like mykje i retur, seier Årlid.  

For veldig mange i bygda er Kakeringen stamkafeen. Botn og Årlid trur dei veit kvifor.  

– Eg trur det er den gleda til dei som jobbar her. Den smittar over på gjestene. Difor har det blitt ein møtestad, seier Botn.  

– Det er ikkje noko vanskeleg å kome hit, seier Årlid.