Stortingsrepresentantane Lene Vågslid (Ap og t.v.) og Solveig Sundbø Abrahamsen (H) fekk mange argument for å behalde fengselsleiren i Fyresdal frå ordførar Erik Skjervagen og prostdiakon Eilev Erikstein, og samtala heldt fram lenge etter møteslutt.
Stortingsrepresentantane Lene Vågslid (Ap og t.v.) og Solveig Sundbø Abrahamsen (H) fekk mange argument for å behalde fengselsleiren i Fyresdal frå ordførar Erik Skjervagen og prostdiakon Eilev Erikstein, og samtala heldt fram lenge etter møteslutt.

Vil kjempe vidare for skogsleiren

På ei knapp veke håpar nokre av stortingspolitikarane frå Telemark at dei skal kunne snu avgjersla om å leggje ned skogsleiren i Fyresdal.

Stortingsrepresentantane frå Telemark Solveig Sundbø Abrahamsen (H), Geir Jørgen Bekkevold (KrF), Lene Vågslid (Ap) og Christian Tynning Bjørnø (Ap) møtte politikarar og administrasjon frå regionen då Vest-Telemarkrådet inviterte til møte på Bondeheimen i Oslo tysdag. På sakskartet sto både framtidas vegprioriteringar i regionen og sentralisering av 110-sentralane, men forslaget om å leggje ned skogleiren i Fyresdal fekk mest merksemd.

Les meir om avdelinga i Kleivgrend her.

Artikkelen held fram under annonsen.

God fagkompetanse

Ordførar frå Fyresdal, Erik Skjervagen, la fyrst fram argumenta for å behalde skogsleiren. Han understreka at fagkompetansen ved leiren er god, og ikkje nokon grunn til å leggje ned avdelinga.

– Det er ein veldig høg kompetanse ved leiren, og det faglege fengselsinnhaldet er minst like godt som andre stader, sa Skjervagen.

Prostidiakon i Vest-Telemark, Eilev Erikstein, meiner ein må behalde skogsleiren i Fyresdal, her saman med stortingspolitikar Solveig Sundbø Abrahamsen (H).
Prostidiakon i Vest-Telemark, Eilev Erikstein, meiner ein må behalde skogsleiren i Fyresdal, her saman med stortingspolitikar Solveig Sundbø Abrahamsen (H).
– Me vil gjerne kjempe for Telemark, men då er me avhengige av informasjon, sa stortingsrepresentant for KrF, Geir Jørgen Bekkevold, som syntes saka om fengselsleiren i Fyresdal kom vel brått på.
– Me vil gjerne kjempe for Telemark, men då er me avhengige av informasjon, sa stortingsrepresentant for KrF, Geir Jørgen Bekkevold, som syntes saka om fengselsleiren i Fyresdal kom vel brått på.

Samarbeidet med kommunen, Vest-Telemark vidaregåande skule og bibliotektenesta fungerer også svært godt, og leiren er ein ressurs for lokalsamfunnet, påpeika han.

­– Eg har ikkje noko imot at ein utvider med 40 opne soningsplassar i Evje, men eg kan ikkje sjå logikken i å leggje ned i Fyresdal. Eg kan ikkje finne faglege argument for det i det heile tatt, sa fyresdalsordføraren og overleverte eit faktaark til Telemarksbenken.

Kom brått på

Stortingspolitikar Solveig Sundbø Abrahamsen (H) syntes saka om nedlegginga av fengselsavdelinga i Kleivgrend hadde kome brått på, og også hennar kollega i justiskomiteen, Margunn Ebbesen, hadde blitt overraska, fortalde ho. Men saka har lege i justiskomiteen sidan desember i fjor, inne i stortingsmeldinga om utviklingsplan for kapasiteten i kriminalomsorgen.

– Det er veldig lite omtalt og det står heller ikkje at det er i Fyresdal. Det er ganske kamuflert i stortingsmeldinga, forklara Abrahamsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

I kapittel 10 avstortingsmeldinga står det fylgjande: «Nytt fengsel vil ha om lag 300 plasser inklusive erstatning for nåværende bygg (Kristiansand fengsel og Arendal fengsel inkl. avdeling Kleivgrend som bør legges ned).»

­ Abrahamsen peika på at det var ei stortingsmelding med sterke faglege grunngjevingar og som også såg nærare på det økonomiske. Men etter samtaler med mellom anna Skjervagen tok ho på ny kontakt med Ebbesen i justiskomiteen for å legge fram saka.

– Komiteen arbeider framleis med saka. Bodskapen er at det er ikkje avgjort. Eg håpar at me skal klare å få til noko. Eg har ikkje gjeve opp, sa Abrahamsen.

Justiskomiteen skal gje si endelege innstilling 2. juni, og fristen for innkomne merknadar er utvida til dagen før.

Hjartesukk

Geir Jørgen Bekkevold (KrF) kom med eit kraftig hjartesukk over kor bardust saka hadde kome på dei, og at det var fyrst på dagen for den opphavlege fristen for merknadar til innstillinga det var kontakt mellom dei og politikarane frå regionen.

– Det er kav umogeleg for oss å halde oversikt over kva som skjer i alle dei forskjellige komiteane. Eg blei fyrst klar over dette på fredag. Me er heilt avhengige av å få tilbakemeldingar, så ver så snill å gje beskjed. Men eg har tatt kontakt med min mann i justiskomiteen, så får me sjå om me klarer å snu dette. Me vil gjerne kjempe for Telemark, men me er avhengige av god informasjon, sa Bekkevold.

Frå salen ble det påpeka at ingen, verken politikarar eller tilsette ved leiren, hadde fått med seg dette før i førre veke, og då via mediaoppslag i Agder.

Artikkelen held fram under annonsen.

Inviterte til fengselet

No har politikarane ei knapp veke på seg for å eventuelt prøve å snu fleirtalet i justiskomiteen, og Lene Vågslid påpeika kor viktig det no var at Telemarksbenken arbeidde godt saman.

– Arbeidarpartiet kjem til å stemme imot, informerte Vågslid.

På tampen blei stortingspolitikarane inviterte opp til fengselsleiren av prostdiakon Eilev Erikstein.

– Det handlar om å få sett dei folka som er der. Menneska er vår fremste verdi, sa Erikstein.