30 år sidan
Var det ein ulv, eller var det ein stor hannrev som sprang på Freiabilen i Vaa? Sjøføren Jan Susrud er overtydd om at han kollidera med ein ulv. Etter at han hadde studert det grå-kvite dyret i vegbanen, var Susrud hundre prosent sikker. På motsett side er det lite som tyder på rovdyr i området. Sauene beiter som før, og etter det eg veit er det ikkje andre spor etter dyret, fortel Halvor Reinsvike til Vest-Telemark Blad. Det var tysdag for fjorten dagar sidan at Freia-bilen kollidera med eit dyr mellom Vaa og Killingtveit.
Laurdag kom Dalen Båtlag sin katamaran Lastein til Dalen. Båten som har to motorar av typen MTU, yter 1000 Hk. Båten gjer ved toppfart 22 knopp, og har plass til 64 passasjerar. Båten skal gå i trafikk på Bandak, og det er Bandak Hotell som står for bookinga og serveringa. Det er det nyskipa Dalen Båtselskap som har kjøpt Lastein. Båten er kjøpt av brørne Normann og Nils Agasøster frå Fitjar i Sunnhordland. Torsdag morgon drog dei to i frå Bømlo, der båten har gått i trafikk med arbeidsfolk i frå Moster til Stord. Veret på turen var ikkje det beste, og det var temmeleg grov sjø over Sletta. Fyrste stopp var Haugesund, her måtte båten gjennom skipskontroll.
Artikkelen held fram under annonsen.
Sommarutstillinga i Seljord har vorte eit omgrep med positivt forteiken for kunstinteresserte over heile landet, seier «hovudoppsynsmannen» i bilettkassa, Olav Håvard Noraberg. Han har hatt denne sumarjobben i seks sumrar no, og kjenner att mange besøkjande som kjem på vitjing år etter år. Dei mørke og regntunge skyene som har halde seg over Vest-Telemark det meste av denne sumaren har ført til stor publikumspågang i utstillingslokala.