Tett i teten på helgas skifest
Byåsen løparen Sindre Tungesvik sikra seg sigeren bare tolv sekund framom Eivind Romberg Kvaale frå Høydalsmo då Helterennet blei arrangert på Rauland for sjette gong laurdag.
Strålande solskin på knallblå himmel skapte perfekte rammer for den sjette utgåva av Helterennet på Rauland laurdag.
Sjå fleire bilde frå helterennet her
Artikkelen held fram under annonsen.
Nøgde arrangørar og mange friviljuge dugnadsarbeidarar kunne gle seg over at heile 1219 deltakarar stilte på startstreken i dei ulike distansane: Helterennet (42 kilometer), Halvhelten (26 km), Trimhelten (26 km), Familiehelten (12 km), Ungdomshelten (13 km) og Barnehelten der det er høve til å gå ulike lenger nede på stadion.
Tett i teten
I det 42 kilometer lange Helterennet stilte 606 løparar til start laurdag, og Sindre Tungesvik frå Byåsen IL var raskt ute med å ta leiinga.
Ved passering ved Høgfjellshotellet hadde Sindre Tungesvik eit godt forsprang på konkurrentane, men det skulle sjå ut til at det ikkje gjekk like lett inn mot mål. Det var fyrste gong 20-åringen gjekk Helterennet på Rauland, men truleg ikkje siste.
– Det var nydelege forhold i løypene, eg hadde gode ski og kroppen fungerte bra. Ei stund gjekk eg åleine, men på slutten blei eg bekymra då eg såg at Eivind og Jonas drog innpå meg. Men det haldt akkurat. Eg kjem absolutt tilbake til dette løpet neste år, smiler ein nøgd vinnar av Helterennet.
– Dette er god trening inn mot 5-mila i NM, sa Sindre
Høysekk nummer to
Tungesvik gjekk over målstreken på tida 1.56.30. Hakk i hæl, og tolv sekundar etter kom Eivind Romberg Kvaale frå Høydalsmo IL og sikra sylvplassen, før Jonas Nielsen, Lørenskog skiklubb, passerte mållina sytten sekundar etter vinnaren.
Eivind Romberg Kvaale hadde eit håp om å klare å ta sigeren nesten på heimebane i Helterennet laurdag.
– Men det smalt skikkeleg i armane og blei tungt dei siste kilometerane, fortel 21-åringen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Overlegen siger
Brita Cecilie Mustad var i år som i fjor suveren i kvinneklassa på Helterennet og gjekk over målstreken med tida 2.28.16, over fem minutt før neste løpar Guro Flatekval frå Oppsal IF. Beste vesttele av kvinnene på 42-kilometaren blei Ingebjørg Fisketjønn Øverland, Morgedal IL, som hamna på ein 6. plass.
Skiforviklingar
Då den 14 år gamle ordalsjenta Gunhild Kvålseth skulle gjere seg klar for start til Ungdomshelten laurdag, gjekk ho for å hente skia der ho hadde sett dei frå seg i startområdet.
– Men skia mine var ikkje der. Det stod bare nokre andre, så då måtte eg bare ta dei sjølv om dei var 10-12 centimeter for lange for meg. Eg måtte jo bare det, seier ho.
Trass i for lange ski sikra Kvålseth, som går for Morgedal IL, bestetid i 14-årsklassa og nest beste tid av jentene som var med i Ungdomshelten laurdag.
– Eg er fornøgd, men eg blei veldig sliten i armane, smiler ho og slår av ein prat med Sigrid Verpe frå Vinje IL og Sigrid Vinjerui frå Byrte IL som også var godt fornøgde med dagens løp.
Sigrid Vinjerui blei best av alle jentene i Ungdomshelten laurdag med tida 50.07.
15-åringen Mikkel Aas Wergeland frå Gulset IF/ Team Grenland ski var den raskaste av alle dei 24 unge som stile til start i Ungdomshelten. Han passerte målstreken etter 13 kilometer på tida 43.34. IL Rein-løparen Morten Hermansen i klasse 13 fekk bronseplass på rennet då han kom i mål på tida 46.36.
Runde på runde
Det gode vêret lokka publikum til målområdet. Nede på stadion var reinsdyret Bella og Åse Hylland klare for å varme opp dagens 167 deltakarar i Barnehelten før startskotet gjekk.
Artikkelen held fram under annonsen.
Her fekk dei yngste hjelp av ein vaksen til å kome seg rundt løypa på stadion. Dei litt eldre barna fekk høve til å frese både fire, åtte og tolv rundar rundt løypa før målstreken blei passert og dei fortent kunne få medaljen rundt halsen. Her venta det også ei lue i premie og ein kopp med saft til deltakarane.