Roleg valvake så langt
Det var etter måten svært roleg på Arbeidarpartiets og Senterpartiets valvake i Tokke då klokka nærma seg ni i kveld.
– Eg trur ikkje nokon av oss er særleg stressa, men sjølvsagt er me spente. Det skal bli godt å få det overstått, seier Hilde Alice Vågslid (Ap), ordførar i Tokke.
Ho og teamet hennar er samla på Dalen kro der dei også fylgjer med på fjernsynet for å sjå korleis det utviklinga er i andre stader av landet også.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Om godt og vel ein time så bør me vite resultatet. Då er det godt å vite at me har gjort det me kunne. Så får me sjå kva veljarane meiner om det, smiler Vågslid.
– Har du førebudd ei eventuell sigerstale?
– Nei, på ingen måte. Eg tek det på hælen om det blir siger eller ei. Eg er førebudd på båe delar, men vedgår at eg har ei god kjensle, svarar ho.
Senterpartiet i Tokke held valvaka si på Dalen Hotel. Også der var stemninga roleg litt før ni.
– Me er nok litt nervøse, og som eg har sagt før så er i alle fall eg kjempespent. Me vel å vere optimistiske med tanke på valresultatet, seier ordførarkandidat Jarand Felland.
I Høydalsmo sit Ellen Ofte Jakobsen, listetopp for KrF. Ho er også spent på valresultatet.
– Ja, eg er spent, men samstundes roleg. Me skal ha strategimøte i morgon for å diskutere valresultatet og strategien vidare. Me ynskjer sjølvsagt å kome i ein posisjon der me kan få størst mogleg gjennomslag for politikken vår, seier Jakobsen.
– Me har altså ikkje lova oss bort til nokon på førehand, slår ho fast.