«Me er redd for at eit eventuelt Nav-vedtak i Seljord mot Midt-Telemark er starten på slutten for det gode samarbeidet i Vest-Telemark.»
Kommentar om Nav-saka:
Torsdag skal politikarane i kommunestyret i Seljord bestemme seg; skal dei knytte seg til eit felles Nav-kontor i Vest-Telemark eller i Midt-Telemark?
I eit vidare perspektiv handlar det også om midt eller vest. Kvar vil seljordingane høyre til i framtida? Vil dei vera eit lokomotiv i Vest-Telemark eller ein veslebror i eit litt større samarbeid i Midt-Telemark?
Artikkelen held fram under annonsen.
Om ein ser på dei skriftlege politiske dokumenta i saka ser det ikkje ut til å bli den store debatten. Formannskapet sa i november i fjor at dei ynskjer å jobbe for eit felles kontor med kommunane i Vest-Telemark. Sidan har ikkje politikarane i Seljord gjort noko vedtak. Dei ville vente på ei avgjerd frå Vest-Telemarkrådet.
I Vest-Telemarkrådet blei ordførarane til slutt samde om å jobbe for ei fellesløysing, og dei stilte seg samrøystes bak at Tokke var best eigna til å vera vertskommune. Seljord-ordførar Halfdan Haugan (Ap) poengterte også at han aldri hadde stilt ultimatum om at hovudkontoret måtte liggje i Seljord for at dei skulle gå for ei løysing i vest.
Samla er det lett å konkludere med at desse politiske regionale vedtaka og signala frå Seljord-ordføraren peikar i retning av at Vest-Telemark er svaret på etableringa av eit felles Nav-kontor.
Likevel; me sit med ei kjensle at det ikkje er like sikkert at det politiske fleirtalet ser mot vest, og at dei heller lener seg til råda frå Nav-sjefen i Seljord – som no er tilsett som ny leiar av Nav Midt-Telemark etter eit halvt år som leiar i Seljord – om å velje det endå meir «myndige» kontoret i midt.
Sjølve saka har det ikkje blitt rikeleg tid til å debattere politisk før kommunestyret torsdag kveld gjer vedtak. Det er synd at ei så viktig sak, som på sett og vis kan definere framtidas Vest-Telemark, blir avgjort i løpet av ei kveldsbeite ein torsdagskveld på kommunehuset.
Det blir i saka peika på at eit Nav-kontor i Midt-Telemark medSeljord vil bli ein av dei største einingane i fylket, og kunne ha eit «utviklingspotensial» og moglegheiter for å få tilført nye oppgåver, prosjekt og satsingar.
– Ved å bli i eit samarbeid i Vest-Telemark mistar me uansett høvet til å delta i eit fagmiljø som det blir satsa på i form av nye oppgåver og satsingar, skreiv rådmannen til politikarane i januar.
Då finn me grunn til å minne om at det har blitt påpeika frå tilsette i Nav i Vest-Telemark at det er viktig å ha eit sterkt kontor i regionen, som ei motvekt til andre større kontor. Det er naturleg å tenkje at kontoret i Vest-Telemark blir sterkare ved å ha med Seljord.
Artikkelen held fram under annonsen.
Til politikarane i Seljord peika rådmannen også på at forsøk på interkommunalt samarbeid mot kommunane i Vest-Telemark ikkje har lukkast «i særleg grad» og at det derfor er vanskeleg å sjå for seg at ein lukkast med eit større interkommunalt samarbeid i Vest-Telemark.
Statistikk kan brukast på mange måtar. Men dei statistiske grunnlagstala frå Nav-kontora i Vest-Telemark let det ikkje vera noko tvil om at det blir arbeidd godt rundt om i kommunane i regionen. Me veit at Fyresdal kommune er i ei krevjande tid, men bortsett frå stoda i Fyresdal viser ferske tal frå Nav Telemark at talet på arbeidsledige i Vest-Telemark er på mellom 1,2 prosent i Vinje og 1,9 i Tokke. I Seljord, Kviteseid og Nissedal er høvesvis 1,3, 1,4 og 1,4 prosent av arbeidsstyrken utan jobb.
Om ein set tala i eit fylkesperspektiv er det Vest-Telemark-dominans på «Nav-pallen»: Vinje har lågast arbeidsløyse. Seljord har nest lågast arbeidsløyse, medan Kviteseid og Nissedal deler tredjeplassen i fylkesstatistikken.
I dei tre Midt-Telemark-kommunane Bø, Nome og Sauherad er tala til samanlikning høvesvis 2,2, 2,4 og 2,7.
Ein annan statistikk, frå Statistisk sentralbyrå, viser at talet på sosialstønad i dei tre Midt-Telemark-kommunane i 2016 var på totalt heile 30 millionar kroner. Utgiftene i Nome var på 16,7, medan tala i Bø og Sauherad var på høvesvis 8 og 5,2 millionar kroner.
I Vest-Telemark var dei samla utgiftene i stønad 8,7 millionar – eit snitt på knappe 1,5 millionar kroner. Dei høgste utgiftene hadde Nissedal med 1,9 millionar kroner.
Ja, det bur fleire i Midt-Telemark enn i Vest-Telemark – 17 428 i midt mot 14 110 «her heime» (per 1.1.2018), men det er likevel ein endå større skilnad på 30 millionar og snautt 9 millionar kroner. Delar ein på folketalet får kvar innbyggjar i Midt-Telemark 1721,37 kroner, medan vesttelen får 616,7 kroner.
VTB skal ikkje konkludere på dette grunnlaget at det blir arbeidd dårlegare i Midt- enn i Vest-Telemark. Men me vil hevde at kompetansenivået i Vest-Telemark ikkje står tilbake for miljøet i naboregionen.
Artikkelen held fram under annonsen.
For seljordingane vil torsdagens avgjerd bety lite. Dei folkevalte på Stortinget har sagt at du ikkje får noko dårlegare tilbod uansett kvar du bur i landet. Om du bur i Kivledalen eller i Skien, betyr ingenting for tilbodet som Nav-brukar (akkurat stadnamna har ikkje Stortinget sagt noko om, red. merk).
Det vil framleis vera ei Nav-dør å gå inn i i Seljord om «mor-kontoret» hamnar i Bø eller på Dalen. Oppfylginga lokalt vil skje lokalt.
Eit steg mot andre delar av Telemark kan fylgje stega som alt er tatt då Seljord Personal i fjor såg mot Aust-Telemark då attføringsbedrifta fusjonerte med Idea Kompetanse på Notodden. Om Nav-samarbeidet blir med Midt-Telemark er det kanskje naturleg for seljordingane å sjå mot Bø – i staden for til dømes Kviteseid – når husleigekontrakten til lensmannskontoret går ut om nokon år.
Kva skjer i neste omgang når styresmaktene igjen vil gjera små kommunar større? Blir Seljord då ein del av ein større Midt-Telemark-kommune?
Torsdagens møte i Seljord vil vera ein prøvestein for samarbeidet i Vest-Telemark. Om kommunestyret i Seljord meiner argumenta for å slutte seg til eit felles kontor med Nome, Bø og Sauherad er dei beste, er det sjølvsagt deira rett. Men det vil vera eit skot for baugen for samarbeidet i Vest-Telemark. Eit samrøystes Vest-Telemarkråd, inkludert Seljord-ordføraren, drøfta seg fram til ei tilråding om Tokke som vertskommune. Det er verdt å merke seg at sjølv om dei fleste ordførarane i regionen kjempar for seg og sitt, gjekk dei i denne saka med på eit kompromiss.
Me skal ha respekt for at kommunane er sjølvstendige og må gjera det som er best for innbyggjarane sine, men det er klart at om kommunestyra skal pulverisere vedtak som dei seks ordførarane – om enn under tvil – er blitt samde om, kan ein stille spørsmål om kva rolle Vest-Telemarkrådet skal ha i framtida.
Me er redd for at eit eventuelt Nav-vedtak i Seljord mot Midt-Telemark er starten på slutten for det gode samarbeidet i Vest-Telemark. Og det hadde vore synd – seljordingane er like mykje vesttelar som nissedølane, fyresdølane, tokkebuarane, vinbyggjane og kviteseidingane.
Som peika på innleiingsvis vil Seljord bli ein veslebror og ein utkant i Midt-Telemark, men eit senter og eit av dei sterke «lokomotiva» i ein samla Vest-Telemark-region.