Fjellheimen kan bli rekreasjonsplass for engelske krigsveteranar
Vinje kan bli ein rekreasjonsplass for engelske krigsveteranar og treningsstad for kadettar. I framtida kan det bli utveksling slik at unge frå Vest-Telemark kan oppleve ting i England.
Øyvind Kili frå Grungedal, kjent frå fotballprosjektet i Vest-Telemark seinare åra, blei jola 2016 beden på fest i England. Der kom det også folk frå militærforeininga Sefton, ein kommune der det ifylgje Kili er 24 000 krigsveteranar. Ein del av dei, nokon heilt nede i 20-årsalderen, slit etter å ha vore i krigssituasjonar.
– Militærforeininga var ute etter noko som kunne motivere krigsveteranar, mange av dei slit med psykiske problem. Foreininga spurde meg på jolefesten om det hadde vore mogleg å bruke fjellheimen i Vinje som rekreasjonsplass for veteranane sine, og kanskje ha med familiane. Ja, tenkte eg. Vinje er heilt perfekt, seier Kili til VTB.
Artikkelen held fram under annonsen.
Så byrja han å sysle med tanken om å starte «Destinasjon Vinje».
Midt i dette kom 156. forsyningsregiment i England på banen og lurte på om dei kunne ha vintertrening for kadettane sine (13–16 år) i Vinje. Kili tenkte at dette må kunne gå an.
Takksam
Kili byrja å planleggje ein pilot-tur til Vinje for ein engelsk gjeng med tanke på å sjå nærare på moglegheitene for eit samarbeid. I dette tenker ein også utveksling der barn og unge frå Vest-Telemark får høve til å ta ein tur til Sefton, som ligg like ved Liverpool.
Turopplegget blei spikra ferdig og frå 8. til 12. februar blei sju engelskmenn innkvarterte på hotell i Vågslid. Senterleiar Keith Loyd frå Brunswick Youth Club var med for å sjå på moglegheitene for å lage turar for barn og ungdom frå Sefton til Vinje, og at ein på same tid kan ha utveksling med unge vesttelar.
Fredag 9. februar om ettermiddagen kjem Kili og den engelske gjengen til Vågslidtun hotell, etter å ha vore på Vemork.
– Me blei veldig bevega av å vere på Vemork. Me har mykje å takke Noreg for i samband med krigen, seier Steve Calderbank frå militærforeininga.
Svært nøgd
Artikkelen held fram under annonsen.
Engelskmennene har sett store snømengder så å seie over alt denne dagen.
– Fantastisk. Nydeleg, er dei einige om, klare til å ta nye bilde med mobiltelefonen.
Calderbank synest det er flott å kome ut i slik frisk luft som i Vinje og få vere med på kvalitetstid over fleire dagar. Vidare var han svært nøgd med dagsprogramma som var lagt opp for engelskmennene.
Calderbank jobbar med krigsveteranar som har problem etter teneste. Han ser gjerne at ein kan bruke Vinje som rekreasjonsstad, og der ein kan ha samarbeid og vennskap med bygda.
Etter middag på hotellet skulle engelskmennene prøve seg i skileikanlegget i Haukeli. Dagen etter skulle dei høyre på forsvarshistorie frå Øvre Telemark og sjå på gamle bilde. Måndag var dei i Haukelifjell skisenter.
– Eg har fått fantastisk støtte frå ulike hald i regionen med tanke på ting engelskmennene skulle få oppleve under besøket, seier Kili.
Forsvarsdepartementet
– Desse dagane var starten på «Destinasjon Vinje»?
Artikkelen held fram under annonsen.
– Ja, heilt klart. Tilbakemeldinga frå 156. forsyningsregiment og Sefton veteranforeining er formidable. Dei ser på destinasjonen og samarbeidet som heilt fantastisk. Nå skal dei leggje fram presentasjon overfor øvste styresmakter i England. Det blir vidare samarbeid framover, seier Kili.
– Kva er det neste som skjer?
– Planen er at folk frå det engelske forsvarsdepartementet kjem hit i april. Dette er spennande. Eg har trua på at mange frå England kjem til Vinje etter kvart. Det skjer om korta blir spela rett framover. Og så må eg nemne til slutt at engelskmennene som var her nå, blei veldig imponerte over folka dei møtte frå Vest-Telemark, seier Kili.