Nils-Ole Hagen og Georg Hagen underheldt kundane utanfor Spar Haukeli under grillaksjonen laurdag.
Nils-Ole Hagen og Georg Hagen underheldt kundane utanfor Spar Haukeli under grillaksjonen laurdag.

«Sauekjøt, sauekjøt, sauekjøt, sauekjøt, sauekjøt ja det æ gøtt»

Laurdag gjennomførte Tokke og Vinje sau og geit ein kampanje utanfor fleire daglegvarebutikkar, der dei grilla sauekjøt for å inspirere andre til å gjera det same.

«No æ det for mykji sauekjøt, sei ekspertar som he greie på sø mangt», syng E-76. Laurdag var nokre av medlemane av det populære bandet med på å prøve å inspirere folk til å grille lam.

– Det er ein nasjonal grillaksjon der sauebønder over heile landet deler ut smaksprøver utanfor ulike daglegvarebutikkar. Det er eit samarbeid med Norsk sau og geit, Nortura og Kjøtt- og fjørfebransjens landsforbund, seier Tone Edland, leiar i Vinje sau og geit.

Artikkelen held fram under annonsen.

I Vest-Telemark stod det bønder utanfor Spar-butikkane i Fyresdal, Åmot og Haukeli.

– Målet med den landsomfattande aksjonen er å «hjelpe» forbrukerane til å få smaken på lam på grillen, og setje fokus på kva sau og småfe betyr for kulturlandskapspleia, seier Edland.

Tokke og Vinje sau og geit samarbeida om opplegga i Åmot og Haukeli, og stod utanfor butikkane i tre timar midt på dagen laurdag.

– I Haukeli fekk me litt ekstra «dra-hjelp» frå E-76 for å få fart på stemninga, seier Edland.

Nils-Ole Lien hadde fått med seg tidlegare band-kollega Georg Hagen. Dei var på plass med grillkunnskap og kassegitarar.

På Facebook-sida si kyter Lien av ein fin dag:

«I dag hadde me ein veldig triveleg grillaksjon utanfor Spar i Haukeli. Me møtte mange trivelege lamme-konsumentar som var svært fornøgde med produkta me serverte. Og så var det kjempemoro å spela saman med Georg att, som den kjernekar han er stilte han opp for sauesaka.»