«Deler av norsk transportnæring er framleis på raudlista for å bli ein utrydda rase»
Regionsjef Olav Vefald i Noregs lastebileigarforbund etterlyser meir kontroll og sanksjonar mot useriøse aktørar som blir tatt i kontroll.
Noregs lastebileigarforbund har talt lastebilar gjennom eitt døgn i heile landet, mellom anna på E134 i Morgedal frå tysdag klokka 12 til onsdag klokka 12. Totalt passerte 334 tungbilar (lastebilar og trailerar) teljestasjonen. Av desse hadde 77 utanlandske registreringsskilt.
– 24 prosent er om lag som ved teljinga i 2013 og 2015, seier Olav Vefald, regionsjef i lastebileigarforbundet.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han legg til at delen er langt høgare når det gjeld langtransport over Haukeli frå aust til vest. Teljinga i Morgedal registrerte nemleg også distribusjonsbilar i nærtrafikk.
– Tala er om lag som i resten av landet, med unntak av ved grenseovergangane der delen er 70–90 prosent.
Etterlyser kontroll
Vefald meiner tala stadfestar påstanden om at norske transportørar lid under konkurranse som ikkje gjev like forhold for norske og utanlandske firma.
– Me veit at mange av dei utanlandske har lågare kostnader ved for eksempel at dei ikkje er moms-registrert, dei unngår avgifter ved bompasseringar, dei køyrer på billigare drivstoff og diverse andre kostnadsfordelar, i tillegg til lågare lønsutgifter, seier Vefald.
Han understrekar at kritikken ikkje rettar seg mot utanlandske transportørar eller sjåførar, men mot dei useriøse aktørane.
– Me etterlyser meir kontroll frå norske styresmakter, og ikkje minst meir resolutte sanksjonar mot dei som blir tatt i kontroll, seier Vefald.
Han legg til at brot må straffas på lik line for norske og utanlandske sjåførar og transportselskap.
Oppmoding til næringslivet
– Sjølv om det har betra seg dei siste åra, ser me framleis at det ikkje er likskap for lova. Det gjeld ikkje minst ved brot på trafikkreglar og tryggleiksføresegner, seier Vefald.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Deler av norsk transportnæring er framleis på raudlista for å bli ein utrydda rase, meiner regionsjefen.
Forbundet krev meir effektiv kontroll av alle transportørar frå styresmaktene, og at næringslivet bestiller transportør ut frå kvalitet og ikkje etter kvar ein på kort sikt får den billigaste frakta.
Det er tredje gongen forbundet kartlegg delen av utanlandske tunge køyretøyr på norske vegar.