Når alt blir som i gamle dagar
Å kome inn i andre etasje på garasjen til nissedølen Lars Eriksen er som å reise tilbake til gamle tider – i Vest-Telemark.
Snikkarverkstaden over garasjen er historie. Lokalet er gjort om til å huse noko heilt anna, nemleg landhandelhistorie.
– Interessa for gamle ting har eg hatt lenge, men det har ikkje gått i butikkrelaterte ting før dei siste tre åra. Før var alt studd ned i askar, men det er ikkje vits i å ha ein hobby om folk ikkje får sjå han.
Artikkelen held fram under annonsen.
Med eit smil låser Lars Eriksen i Treungen opp døra til ei heilt spesiell samling som har blitt til ein gamal landhandel i det 36 kvadratmeter store lokalet like ved bustadhuset.
– Eg har fått tak i veldig mange gamle lokale varer og ting frå Vest-Telemark. Det er moro – her er mykje rart, seier Lars.
Han går bort til nokre gamle skilt frå butikkar i Fyresdal, Nissedal, Treungen, Fjone og ein bensinstasjon i Haukeli.
– Det er heilt vilt kva folk kastar. Eitt av skilta som var kasta fann eg i søppelbua i Kviteseid.
Heimelaga køyretøy
Men noko som i alle fall ikkje har blitt kasta i Kviteseid er lagerfrakken Arvid Syftestad bruka som styrar på samvirkelaget i Vinjesvingen 1960–1963.
– Ein dag eg trefte Arvid i Kviteseid sa eg at eg hadde ei naken utstillingsdokke i landhandelen min. Då nemnte han den gamle frakken, som eg sa eg gjerne ville overta, seier Lars, og dermed blei dokka i landhandelen kledd i lagerfrakk.
Han held ivrig fram:
Artikkelen held fram under annonsen.
– Og i går kom det plutseleg ein person med tobakk til meg frå Arendals tobakkfabrikk.
Dermed blei lokalet endå ei vare rikare. Kjekt å ha – som alt anna.
Ikkje alt i landhandelen er ting ein har kunna kjøpe i gamle dagar. På ei hylle plassert ved sørveggen står det tre heimelaga lastebilar frå 30-talet. Det som må ha vore litt av eit arbeid å lage blei kjøpt på auksjon i Fjågesund. I andre enden av lokalet og heilt oppunder taket er det også nokon fartøy, ja faktisk mange.
– Eg skulle kjøpe tre gamle småbilar, men fekk dei ikkje om eg ikkje kjøpte alle 40.
Går an å byggje på …
– Du, nå må eg vise deg det siste eg har fått tak i, som det ikkje er veldig mange av, seier Lars energisk.
Han kjem med ein gamal og nokså stor boks full av originale drops frå Brynhildsens fabrikker.
«Me stortrivst og har det veldig moro på auksjonar og marknader. Er du skrotnisse klarer du å handle litt»
Artikkelen held fram under annonsen.
Lars Eriksen
– Dropsa luktar så godt at. Fytti grisen, seier Lars, før han sett topploket over godteriet att.
Lars og kona Ingunn har i årevis reist rundt for å sjå etter interessante gamle ting.
– Me stortrivst og har det veldig moro på auksjonar og marknader. Er du skrotnisse klarer du å handle litt. Eg er van med å prute, er nøydd til det, seier Lars.
– Er det spesielle ting på auksjonar som eg ynskjer, blir eg riven med. Eg er ikkje den fyrste som stoppar, fortset han.
– Kor mykje pengar har du brukt totalt på alt dette som er i landhandelen?
– Å fytti, eg vil ikkje tippe. Summen bryr eg meg ikkje om. Nokon av varene har eg bytt til meg, svarar styraren.
– Snart har du ikkje plass til fleire varer?
Artikkelen held fram under annonsen.
– Nei, men det går an å byggje på …
I garasjen står den gamle billettluka frå togstasjonen i Treungen.
– Eg må prøve å rigge den også opp i landhandelen, slik at det blir fint å sjå på. Ein må jo ta vare på slikt.
Butikk utan salsvarer
– Kva er det med gamle ting?
– Det er flott! Sjå på gamle reklameskilt og alt – kjempeflott. Her har eg ein uopna ask med leikepistolar som brukar krutlappar. Barna i dag veit ikkje om at det har funnest slikt. Dette har eg verkeleg sansen for, svarar Lars.
– Kva set du mest pris på av det som er i landhandlen?
– Eg trur ikkje eg kan plukke ut ein spesiell ting. Men reklameskilt frå bygda er veldig moro å ta vare på. Og eg må seie at reklameskilta som var før er finare enn dei nå om dagen.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Er noko i landhandelen til sals? – Nei! Ingen ting.
Gamle mimrar
Lars går bort til eine hjørnet der det er noko han bare må vise. Nokre gamle kaffiposar ligg klare like ved ei kaffikvern ein må sveive for hand.
– Dritstilig. Og sjå på diskane her, dei er frå Fru Ruud i Kviteseid. Der borte står det ei papirhylle som stod i handelslaget i Treungen. Papirrullane som står i hylla er frå den gamle butikken på Fjone, seier Lars.
Han fortset ivrig:
– Både denne originale kandiskuttaren og ostekuttaren er frå butikken som var bak Tjørullkroa i si tid. Og dette pikniksettet frå krigen kjøpte eg på loppemarknad i Oslo.
Det er bare å gje seg ende over – så mykje gamal moro samla på éin plass.
– Det har vore ein del folk innom og kikka. Dei synest det er moro å sjå, rett og slett. Gamle folk sit her og mimrar om mange ting, seier Lars.
Artikkelen held fram under annonsen.
Også han og kona Ingunn set pris på å vere i landhandelen, der det er sett inn stolar og bord.
– Me sit her rett som det er. Her kosar me oss. Ingunn er like interessert som meg i gamalt, men for ho går det mest i porselen.