Forsvarte stikka-tittelen
Lårdølane var bestemte på å ta tilbake noregsmeistertittelen i kaste på stikka, og frå Skien kom dei mannsterke for å få napp i vandrepokalen. Men nok ein gong var det Svein Ove Jakobsen frå Vinje som viste seg mest presis.
VTB samla dei tri tidlegare vinnarane av NM i kaste på stikka i Lårdal før laurdagens konkurranse. Kjetil Kleve blei den fyrste noregsmeisteren i 2008. Bjørn Ragnar Bjerk sytte for at Lårdal også i 2009 tok den største pokalen. I fjor sette vinbyggjen Svein Ove Jakobsen kjeppar i hjula for Lårdal-dominansen.
Eg merka at det ikkje var veldig populært, smiler Jakobsen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Nei, me lika ikkje det heilt, supplerer ein like blid Bjerk.
Det er ikkje NM om ikkje vinnarane kjem frå ulike stadar. Om det blir ein frå Seljord, Bø eller Grenland no, vil det hjelpe på, meiner Kjetil Kleve.
Takla presset
Kva skal til for å bli god til å kaste på stikka?
Øving, øving og øving, er dei tri samstemde i.
Det er som å lære å sykle. Ein gløymer det aldri, men må trene, legg Jakobsen til.
Og kven er favoritt i dag?
Det er sjølvsagt fjorårsmeisteren, seier Kleve og ser bort på Jakobsen.
Eg føler presset nå, svarar Jokobsen med eit smil.
Artikkelen held fram under annonsen.
Men han takla presset. Jakobsen var den sterkaste i finalen mot Jan Ivar Moen, Birger Ormestøyl og Oddvar Byggland. I NM er det også eiga juniorklasse. Anne Nordstoga Brekke viste seg som den mest presise, og vann framfor Glenn Aarhus, Sigmund Eide Lio og Rune Strånd.
Tilbake på heimtraktene
88 deltakarar var med då NM i kaste på stikka blei arrangert for fjerde gong i Lårdal. I år kom det også deltakarar frå Grenland. Arne Strand flytta frå Lårdal til Skien for 50 år sidan. No var han tilbake, og saman med seks andre frå Skien hadde dei håp om å ta med seg vandrepokalen heim til Skien.
Eg var med i fjor også, men blei då slått ut med to fattige millimeter, seier Strand.
No har me trena i heile vinter, og også arrangert skiensmeisterskap, legg Strand til med eit smil.
Kva er så fascinerande med å kaste på stikka?
Det er sosialt! I tillegg blir konkurranseinstinktet vekt. Me blir som små att, seier Mona Rambekk.
Det er også fint å lære nye generasjonar å kaste på stikka, legg Alex Vollen til.
Lårdal Liv Laga
NM i kaste på stikka kom til etter ein idédugnad i småsamfunnsprosjektet Lårdal Liv Laga. I tillegg til meisterskapen har me ein liten gåtur på denne vårdagen. Nytt i år er at me arrangerer dagen på laurdag. Det passa dårleg med sundag sidan det var 1. mai, og heller ikkje påskedagen var godt eigna, seier Karl Torstein Hetland i arrangørstaben.
Artikkelen held fram under annonsen.
Deltakarane blei delte inn i grupper, og dei to beste gjekk vidare. Det blei tevla i strek, stikke og pyramide med innleiande rundar, semifinalar og finale.