Sjarmerande jubileumskappleik
Årets jubileumsutgåve av sjokoladekappleiken i Seljord, den tjuande i rekka, baud på færre deltakarar enn året før, men samstundes var det god kvalitet. Det borgar godt for framtida.
– Eg må innom og sjå korleis det står til med rekrutteringa etter meg og andre som er oppteken av folkedans og folkemusikk, sa Johan Vaa då VTB møtte han i vestibylen i pausen.
– Viktig tilbod
Seljord-ordførar Halfdan Haugan gratulerte med jubileet, og han slo fast at folkedans og folkemusikk er eit viktig fritidstilbod.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Med aktive utøvarar får me tradisjonsberarar. Sjokolade er sentralt i dette arrangementet, og sjokolade er godt. Tanken var at ordføraren kunne skjenke sjokolade til jubileumskappleiken, men eg fekk beskjed om at sjokolade var det nok av. Dermed får de fruktkorger i staden, sa Haugan.
Ung kvedar
Gisle Snarteland frå Åmotsdal er sju år gamal. Han stod på scena og kvad.
– Har du halde på lenge?
– Kanskje eitt år, svarar han.
– Kven har lært deg å kvede?
– Det er Gro Verpe Moen, og eg er til Seljord kvar fjortande dag for å øve, kjem det kjapt frå sjuåringen.
– Så vidt eg veit er eg den einaste frå Åmotsdal som kvedar no, legg han til.
Ungguten fortel at han kveda «Nils bli fødd», og at Nils er ingen kven som helst Nils.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det er Sterke-Nils, og han blei sterk fordi han drakk hestemjølk, fortel Gisle.
– Kvifor valde du akkurat den?
– Det er den eg har lært sist, svarar han.
– Sjokolade til meg og veslebror
Den unge kvedaren seier at han har lyst til å kvede til han blir vaksen og kanskje endå lenger. Premien for alle som er med i Sjokoladekappleiken er fritt val av sjokolade, diplom frå to domarar og ei omtale av framføringa deira.
– Eg valte ein pose Twist. Det blir nok mest på meg og veslebror Kjetil. Mamma og pappa får nok ikkje smake så mykje, smiler den bunadskledde kvedaren frå Åmotsdal.
Spirer
Det deltok mange dyktige kvedarar, dansarar og felespelarar. Nokon har halde på ei stund, medan andre er ganske ferske. Felles for dei alle er at dei gjer så godt dei kan, og det kan vere spira til nye knoppar innan folkemusikken og folkedansen.
– Eg var sjølv med i barneleikarringen då eg var gutunge. Det var Magne Eiesland som var læraren vår, og Torleiv Lykka spela. Eg kjem i hug me var både i Brekkeparken og i Ibsenhuset, mimrar ordføraren.
Artikkelen held fram under annonsen.
Totalt var det nærare 60 innslag i årets Sjokoladekappleik. I fjor var det over 70.
– Eg veit det er eit par andre arrangement som kolliderer litt med dette i Seljord. Slik sett skulle ein kanskje ynskje at ein var flinkare til å koordinere arrangement i same sjangeren, seier ein av domarane, Signe Årdalen Tveiti.
Snarteland fekk pris
Sjokoladekappleiken blei avslutta med utlodding av det som var att av sjokolade, og utdeling av inspirasjonsprisen.
– Prisen gjekk til Gisle Snarteland, fortel Torunn Raftevold Rue, som saman med dei andre lærarane innan folkemusikk og folkedans, gjorde ein stor innsats for å få jubileumskappleiken vel i hamn.
– Sytti betalande vaksne og 100 born med 60 innslag gjorde at kappleiken blei særs vellykka, seier Rue til VTB.