Vinterkappleiken større enn nokon gong
Det er bare Landskappleiken og Jørn Hilme-stemnet i Valdres som er større enn Vinterkappleiken, smiler PR-ansvarleg Stein Roland. Hundre deltakarar er fleire enn nokon gong.
Folkemusikkstudentane på Rauland tjuvstarta den nye «open klasse», som kjem på Landskappleiken i Vågå til sommaren.
Mange spennande klasser, seier Roland sakleg, og fortel om durspelklasse for bygdedans-spel.
Artikkelen held fram under annonsen.
Eg deltek i jaktstart hardingfele klasse B, kommenterer Magne Kleiveland frå det sprudlande folkemusikkmiljøet på Osterøy ved Bergen.
Kappleikgeneral Annlaug Børsheim frå Ulvik rakk så vidt å delta i den nye klassa.
Det var eit impulsinnslag, ein jenterull med syster mi, der me tralla sjølve til dansen, smiler ho, sliten etter ei lang helg.
Det har vore ei helg med mykje springing og utan søvn. Men me får mange positive tilbakemeldingar, seier ho. I tillegg til jenterullen har ho rukke å spela til ein dans, men har ikkje fått med seg mykje av tevlingane.
Valdris og PR-ansvarleg Roland har delteke både med dans og song.
To generalprøver
Det er folkemusikkstudentane på fyrsteåret, 25 i talet, som skipar til kappleiken som ein del av studiet. Det har dei gjort i mange år no, etter at Øystein Romtveit gjorde opptakten då han var student på høgskulestudiet for 13 år sidan.
Stian Roland fortel at så godt som alle folkemusikkstudentane deltek på kappleiken, solo eller i ulike grupper, i tillegg til at dei er arrangørar.
Mange av studentane har god erfaring frå folkemusikk. Det er moro å jobbe med kappleiken, for alle har stade på. Me har hatt to generalprøver for å luke bort alle feil som kan oppstå, seier Roland.
Artikkelen held fram under annonsen.
To arenaer
Vinterkappleiken er ei dryg økt med spel, dans og kveding; frå klokka halv elleve på føremiddagen til bortimot ni om kvelden var dommarar, deltakarar og publikum i gang. For å koma gjennom det tette tevlingsprogrammet la arrangørane kvedinga i Årestoga, slik at kappleiken kunne gå på to arenaer samtidig. Ei løysing for arrangørane, men kanskje ikkje like godt motteke hjå alle av publikum, som dermed måtte velja.
Ungdommens kappleik
Vinterkappleiken har fått karakteristikk som ungdommens kappleik. Mange unge debuterer nettopp på denne tevlinga. Også i år stilte rekruttar og c-klassingar opp. Men me såg òg A-klassingar i sving.
Vest-telar i tevlinga
I resultatlistene finn me gode plasseringar av vest-telar. Sara Fjågesund frå Seljord tok fyrsteplassen i hardingfele klasse C. Ein annan seljording, Kristoffer Herrefoss, stilte i rekruttklassa.
Med ein telespringar vann Anders Storøygard og Gro Anita Heddesli frå Dalen C-klassa i dans.
Ingebjørg Harman Bratland fekk andre premie i fløyte junior, medan Tone Harman Bratland deltok i rekruttklassa.
I klasse B kom Erland Tveiti, Rauland, på andre plass, to poeng etter vinnaren, og to poeng føre Ottar Kåsa, Arabygdi. Ranveig Tunheim og Ole Kristian Torjussen, Seljord, gjekk til topps med telespringar i klasse B. Dans i klasse A gav to fyrstepremiar og andre og tredje plass til Signe Aardalen og Knut Erik Jorstøyl, Vinje.
Seljord spelemannslag fekk andre plass og andre premie etter sæbyggjane «Knut Heddis minne» i lagspel senior, medan Kivlemøyane frå Seljord blei slegne av Bø juniorspelemannslag.
Artikkelen held fram under annonsen.
I gruppespel hardingfele senior tok Ragnhild Knudsen og Torunn Raftevold Rue ein andrepremie og andre plass.
Halvor Nordjordet, Rauland, vann A-klassa i kveding, eitt poeng føre Kjell Hove, Møsstrond. Per Åsmund Omholt, Rauland, blei vinnar i fløyte senior.