Både bustad- og næringsføremål
Gamle kvileheimen i Treungen har stått tom ei stund, men har no fått nytt liv.
Nissedal formannskap gjev dispensasjon til bruksendring av Furuly til bustad- og næringsføremål. Vilkåret er at bygget ikkje blir tatt i bruk til næringsverksemd som omfattar utleige for overnattingar om utleigeobjektet ikkje er ein integrert del av bueininga. Ein slik utvida bruk kan fyrst skje om bygget tilfredsstiller krava til branntryggleik, mellom anna at kvart utleigeobjekt er ei branncelle.
Elvira og Michael Staab frå Tyskland har kjøpt den gamle kvileheimen i Treungen og busett seg der med fire barn. Tanken med å kjøpe bygget med namnet Furuly, var at familien skulle bu der på same tid som ein skulle drive bed & breakfast. Det siste blei skrinlagt då det ville bli for kostbart å ruste opp bygningen for å tilfredsstille tekniske krav til slik drift. Det er mellom anna krav om at kvart utleigerom må vere eiga branncelle.
Artikkelen held fram under annonsen.
Meininga no er å avgrense bruken av bygningen til å vere einebustad for familien, men med moglegheit for å drive ei eller anna form for enkel butikkdrift/næringsverksemd i kjellaretasjen. Drifta er tenkt som familiedrift, utan at nærare plan ligg føre enno.
«Staab vil arbeide for å finne fram til ei næringsdrift som kan passe inn i området, og som ikkje vil føre med seg større trafikk- og parkeringsproblem enn det ein kan forvente av ei lita verksemd på landsbygda», skriv Petter Holskar i PH Papirarbeid i Treungen på vegne av søkjaren.
Bygget ligg i området Landvik - Smeitkollen, og blei bygd på midten av 1950-talet som aldersheim. Bruksarealet er opp mot 1000 kvadratmeter, fordelt på kjellar og to etasjar. Tomta er på nesten fem mål.
I 1997 blei det ei bruksendring til leirstad, der kvileheimen blei til Furuly, drive av Arendal indremisjon. Bygget står i dag registrert som vandrar-/ferieheim, turisthytte.
Bygget fekk ein ny kjøpar i 2007, og han kosta på det ein god del. Bygget ligg i område som har bustad som formål.
«Det at også denne eigedomen har vore nytta til bustadføremål dei siste åra, kan neppe seiast å ha vore ein diskutabel bruk i arealsamanheng. Søknaden no blir nær sagt å sjå på som ei legalisering av alt etablera bruk av tomta. Ein dispensasjon for bustadføremål burde dermed vere grei», skriv Holskar.
Bygget har vore for sal sidan hausten/vinteren 2012.