– Dette er langt frå tilfredsstillande, seier Olav Urbø, ordførar i Tokke.
– Dette er langt frå tilfredsstillande, seier Olav Urbø, ordførar i Tokke.

Fylkesveg rett i grøfta

Hausten 2009 fekk fylkesveg 809 nytt dekke. Elendig asfalt blei bytta ut med grusdekke.

Etter fleire år med dårleg dekke, løyvde Telemark fylke pengar til fylkesvegen i fjor. Men dei løyvde ikkje nok til å gjere vegen betre. Resultatet blei 700 meter med asfalt, grøftereinsk og grusdekke i vel fem kilometer.

Stengd for gjennomkøyring

– At vegen er stengt for gjennomkøyring er langt frå tilfredsstillande. Ein må forlange at det er ein viss minimumsstandard på vegen. Trass alt har vegen ein funksjon for fastbuande, næringsliv, reiseliv og kraftselskap, seier ordførar i Tokke, Olav Urbø.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han køyrde strekninga mellom Skafså og Åmdals Verk tysdag, og var lite imponert over det han såg.

– No har ikkje eg sett vegen på det verste sidan det var frose på i dag, men enkelte stader var det ille likevel, meiner han.

Vegen blei stengd for gjennomgangstrafikk etter at ein bilist melde frå om at det nærast var uframkomeleg med vanleg personbil på strekninga. Det skjedde palmesundag for snart ein månad sidan, og det ser ikkje ut til at det har blitt gjort noko vedlikehald på vegen i mellomtida.

– Ikkje tilfredsstillande

– Primært ynskte me fast dekke på heile strekninga, men det hadde ikkje fylket midlar til. Me trudde nok at godt vedlikehald ville gjere vegen bra, men det var altså noko me berre trudde. At Statens vegvesen no stengjer vegen for gjennomkøyring på grunn av teleløysing er ikkje tilfredsstillande, meiner ordføraren.

Han er av den oppfatninga at på kort sikt må i alle fall vegen bli køyrbar og då trengst det godt vedlikehald. På lengre sikt ynskjer han at det blir sett av midlar til fast dekke.

– Me kjem til å prøve å finne ut om det kan vere midlar hjå vegvesenet, og me vil ta kontakt med fylket for å finne ut om det er mogleg å få midlar i framtida, seier ein noko frustrert Olav Urbø.

Verre enn før

Ein av dei fastbuande langs vegen, Kjell Arne Lie, er ganske oppgjeven over situasjonen.

– Om dekket var dårleg tidlegare var i alle fall vegen framkomeleg. No er det omtrent ikkje til å kome nokon stad når vegen er på det verste. At ein skal oppleve slikt i 2010 er ikkje til å tru. Eg trur vel ikkje folk i Grenland hadde akseptert dette, og det hadde vore moro å visst kva planar som ligg føre frå fylket si side, seier Lie oppgjeven.

Artikkelen held fram under annonsen.

Noko vil skje

– Me valde å stenge vegen for gjennomgangstrafikk for å sleppe unødig køyring i denne perioden under teleløysinga. No blir nok vegen køyrbar etter kvart, men det same problemet vil oppstå neste vår også, seier seniorrådgjevar i Statens vegvesen, John Holskar Nilsen.

– Tokkeordføraren vil sjekke om det er tilgjengelege midlar til denne vegen hjå vegvesenet. Kva har du å seie til det?

– Per i dag kjenner eg ikkje til om det er ledige midlar, men eg ser det som rimeleg sikkert at me kjem til å setje i verk tiltak i løpet av sommaren for å unngå dei problema som me har i vår, kommenterar Holskar Nilsen.