– Me manglar berre knølkval og moskus
Det sa Jostein Hellevik frå Dalen Villmarkssenter då han heldt foredrag om tida på garden Døli. Det er elleve år sidan han og sambuar Maj-Lena Knudsen kom til Tokke kommune.
Opphavleg var tanken å drive med avl og trening av fuglehundar då Hellevik og Knudsen kom til Dalen.
– Me hadde med oss mange hundar og tanken var å halde fram med avlsarbeidet. Me hadde god trening i dette og dreiv på nokså høgt nivå på Jæren. Etter kvart blei det til at me skaffa oss hestar og me tilbydde ein form for turisme på hesteryggen. Men det var lite å hente på det. Det blei lite inntekter, men det var likevel ei triveleg tid og det gav oss mange fantastiske stunder, sa Hellevik.
Artikkelen held fram under annonsen.
Verdskjent for fotografering
Etter kvart blei det fotografering som stod i høgsetet, og VTB har fleire gonger skrive om det eldoradoet som Tokke er i så måte. National Geographic, NRK og BBC er berre nokre av dei store aktørane som har vore hjå Dalen Villmarkssenter for å fotografere og filme. Hellevik fekk tidlegare i år også pris som Nordens beste naturfotograf for eit bilde av ein fiskeørn som fangar ein fisk.
– Me har bortimot alt i Tokke kommune. Planter, dyr og fugl. Me manglar berre knølkval og moskus, skjemta han.
Fascinerande reise
Hellevik viste fram mange av dei flotte bileta han har teke opp gjennom åra, og publikummet i Tokke kulturhus fekk vere med på ei reise i ord og bilete. Mellom anna blei ei haukugle som heldt til på Grimdalen fylgd gjennom lengre tid på vårparten.
– For det fyrste er det unormalt at ei haukugle hekkar her, samstundes var det fantastisk fascinerande å sjå korleis ho kjempa for eksistensen. Det var spennande å fylgje ho, og ho var ein fantastisk jeger som kunne sjå mus på 200 meters avstand, sa han
Hellevik trekte og nokre parallellar til den kjende stylisten Jan Thomas då han omtala ugla på Grimdalen.
– Ho bruka ufatteleg lang tid på å stelle seg, så det var liksom litt Jan Thomas over henne, smilte han.
Tøffe utfordringar
Elles fortalde Hellevik om utfordringane dei hadde møtt undervegs i drifta av villmarksenteret, og særleg med tanke på matinga av ørn.
– Det var ei tøff tid, og me stengde oss nærast inne ein periode. Heldigvis har det blitt betre etter kvart, og eg vil skryte av folket i Tokke. Det er lov å vere skeptisk, og det skjønar me. Men det må også vere lov å stole på fagfolk og ekspertar som veit korleis naturen blir regulert, sa han.
Artikkelen held fram under annonsen.
Oppmoding til Tokke kommune
Etter to timar med flotte bilde og gode historier blei foredraget avslutta med ei oppmoding.
– Kommunen har ein natur og eit mangfald med tanke på dyr, fuglar og vegetasjon som gjer at eg skulle ynskje alle som er på tur gjennom kommunen vår kunne sjå kor flott det er. Men kva er det bilistane ser? Dei ser i stor grad rett inn i ein tjukk vegetasjon. Kulturlandskapet er ikkje synleg for dei, og dermed er det heller ikkje like interessant for dei å stoppe opp her, sa Hellevik.
– Eg oppmodar kommunen om å ta tak i dette og rydde mykje langs vegane. Det bør vere eit mål at kommunen marknadsfører seg som den fantastiske kommunen han faktisk er, la han til.
Foredrag
Dei komande vekene skal Jostein Hellevik og Maj-Lena Knudsen reise rundt på Austlandet og halde foredrag om kva dei driv med, og kor flott det er i Tokke kommune.
– Me skal halde tolv foredrag, og det blir også ein tur til Bergen, seier sambuarparet.
Les meir om Hellevik og Dalen Villmarkssenter her.