Heller buplikt enn EØS-avtale
Noreg må seie opp EØS-avtalen, seier Arne Vinje. Han meiner vedtaket i EU-domstolen om at ein ikkje kan krevje buplikt ved overtaking av jordbrukseigedommar, er eit godt døme på at EØS-avtalen er på kollisjonskurs med norsk politikk.
Småbrukaren frå Vinje blir snart den første SV-ordføraren i Telemark gjennom tidene. For eit år sidan gjekk Arne Vinje av som leiar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag. På garden sin heime i Vinje driv han med sau og skog, men no skal han vera ordførar på heiltid.
EØS fører til EU-medlemskap
Arne Vinje er hard motstandar av EU og prinsippet om fri flyt av kapital, folk, varer og tenester. Den frie marknadsliberalismen gjeld også EØS-avtalen.
Artikkelen held fram under annonsen.
EØS-avtalen har ført til ein så sterk integrasjon at eit EU-medlemskap meir eller mindre vil kome av seg sjølv. Eg trur det også har vore tenkt slik.
Men EØS-avtalen er vel viktig for Noreg?
Sjølv om Noreg så klart har ein del føremoner av EØS-avtalen, er ulempene langt fleire og større. Somme trudde kanskje at EØS-avtalen kunne vere tilstrekkeleg. Men no har det gått så langt at det er på tide å setje foten ned, meiner Vinje.
Må ikkje bli fritidseigedommar
I det seinare har det vore ein del diskusjon i media om ei prinsipiell avgjerd i EU-domstolen. Dommen slo fast at eit EU-land ikkje kan forlange av ein person eller eit firma som kjøper ein landbrukseigedom at dei sjølve bur på garden. Mykje tyder på at den norske lova om bu- og driveplikt er i strid med dette vedtaket, og at Noreg må endre regelerket.
Kva kan konsekvensane bli for Bygdenoreg?
Det verste som kan skje er at bygdene blir tomme. Med den negative utviklinga som er i jordbruket, er det nok mange bønder som kunne tenkje seg å nytte seg av ein kjøpedyktig marknad. Det er viktig å sikre seg at jordeigedommar ikkje blir gjort om til fritidseigedommar. Det paradoksale er at mange spør etter eit gardsbruk der dei kan bu fast. Men det er vanskeleg å få tak i eit gardsbruk i dag, seier han.
Kva meiner du om odelsretten?
Det er både positive og negative sider ved odelsretten slik han fungerer i dag. Odelsretten har absolutt negative verknader, men noko kan ein motverke ved å endre lova. Eg meiner det viktigaste må vere at den som overtek ein gard verkeleg vil drive han.
Artikkelen held fram under annonsen.
Vil handheve buplikta strengare
Det er mange som gjerne vil overta ein gard, men som må jobbe ein annan stad. Er ikkje buplikta litt for streng?
Regelverket forutset at dei som overtek ein gard verkeleg bur der, og eg hadde ønskt meg at kommunane ville handheve buplikta endå strengare. Om det berre bur folk på gardane i feriane, får det liten verdi for ei bygd. Men når det gjeld driveplikta, er det slik i dag at eigaren kan leige ut eller forpakte jorda til andre.
Andre land i EU har ikkje så streng buplikt?
I Austerrike, der den prinsipielle saka om bu- og driveplikt nyleg var oppe, har ein hatt konsesjonsreglar på jordbrukseigedommar. Men veldig få land har hatt det, noko som har ført til stor flukt frå gardsbruk i mange EU-land. Dette har ført til ei sterk utarming av bygdene, både sosialt og økonomisk. Ein kan berre sjå på store delar av Sverige, der det er selskap eller rike personar frå Stockholm som eig jordbrukseigedommane.
Den nye SV-ordføraren i Vinje meiner det er lite usemje blant politikarane i ein kommune som Vinje når det gjeld bu- og driveplikta.
Høgre i Vinje er nok ikkje heilt det same som Høgre i Oslo, seier han.