Vesttelar i toppen i junior-NM
Ånund Lid Byggland frå Høydalsmo sikra seg bronsemedalje i junior-NM-sprinten på Røros i helga. Før start hadde han håp om gull, men innser at han blei slått av to som for dagen var betre enn han. Også Sindre Høgset imponerte i junior-NM. Vinbyggjen hadde mål om å kome vidare frå kvartfinalen. Men vegen gjekk heilt til finalen der han var ein halv meter frå medalje.
Høydalsmo-guten var med og kjempa om gullet på Røros. Men det skulle vise seg at Tomas Northug (Mosvik) og Pål Golberg (Gol) blei for sterke for den hardtsatsande 18-åringen. Northug som er bror til langt meir meritterte Petter Northug, klarte så vidt å ta seg vidare frå prologen. Ånunds jamgamle konkurrent hamna på 30. plass. Med to tidelar dårlegare prologtid hadde han vore ute. Både Northug og Golberg blei slått av det lokale langrennsesset på sprinten i junior-VM i Frankrike.
Eg var klar over at det kom til å bli tett i toppen. Det handla om å ha dagen og marginane på si side. I sprint er det ofte avgjerande for om du hamnar på pallen eller ikkje, seier Ånund til VTB.
Artikkelen held fram under annonsen.
Trass i NM-gull for to år sidan og mange andre gode sprintresultat, Lid Byggland har ingen planar om å reindyrke langrennssportens fremste fartsøving. Vesttelen som i juni er ferdig med tri års skulegang på skigymnaset på Hovden, kjem til å fortsette allround-satsinga. Distanserenna kjem til å ha like høg prioritet som før.
Junior-VM det store målet
Junior-VM i Tyskland blir det store målet i 2010. Det blir hardt å kvalifisere seg. Men eg skal jobbe hardt for å komme med i troppen. Begge dei to som slo meg på sprinten er like gamle og held junioralder ein sesong til, seier Ånund.
Det er også mange andre gode 1990-modellar som har lyst på VM-tur. I 1991-årgangen er det også ein del spennande løparar som har ambisjonar om å delta i junior-VM. Ånund har tenkt å ta eit ekstra år på Hovden, med tanke på at han skal få eit optimalt opplegg det siste året som junior.
Korleis vil du oppsummere din tredje og nest siste juniorsesong?
Han har vore bra og eg er fornøgd. VM-sprinten og helgas bronsemedalje er prestasjonane eg er mest nøgd med. Eg føler eg har heva meg ein god del det siste halvåret. Denne sesongen har eg målt krefter mot løparar som er eitt år eldre. Neste sesong er det eg som vil dra fordel av å vere eldst i klassa, seier Høydalsmo-talentet det skal bli interessant å følgje vidare.
Sundag blei Lid Byggland nummer 11 i det avsluttande distanserennet i noregscupen. Samanlagt kom han på 9. plass.
Med i medaljekampen
Eg er veldig fornøgd med det eg presterte i helga. Det var både gledeleg og kanskje litt overraskande at eg gjorde det så bra på sprinten, seier Sindre Høgset etter fjerdeplass i NM.
Litt surt var det å vere den fyrste som hamna utanfor pallen. Men fyrsteårsjunioren var totalt sett godt fornøgd. Høgset kryssa målstreken halvannan meter for seint til å sikre si fyrste NM-medalje, men det kan fort bli pallplasseringar i nasjonale meisterskap dersom han held fram med utviklinga. 16-åringen er kanskje den som har betra seg mest av elevane på skigymnaset på Hovden, og ikkje minst blant telemarkjuniorane i vinter.
Artikkelen held fram under annonsen.
Eg må gje det gode miljøet på Hovden mykje av æra for at eg har nærma meg dei beste i årsklassa. I Hovudlandsrennet i fjor blei det 13. og 17. plass. I vinter har det blitt tri femteplassar i nasjonale konkurransar., fortel Sindre.
I sundagens avsluttande distanserenn i noregscupen fylgde han opp sprintsuksessen med femteplass.
Eg er veldig fornøgd med å kapre ein ny femteplass i noregscupfinalen, seier Sindre til VTB etter sundagens avsluttande distanserenn.
Då hadde han sikra seg sjetteplass samanlagt i noregscupen.
Betre enn venta
Det var ein forventningsfull 1992-modell som inntok Bergstaden på torsdag. Sindre visste han var i form og hadde ambisjonar om å prestere i dei siste nasjonale renna. På sprinten var det primære målet å gå vidare frå kvartfinalen. Fristileksperten visste at han måtte gå vidare frå prologen for å ha håp om semifinale. Høgset kom seg gjennom både kvart- og semifinale. Det var bonus for han å få gå finale. Friskusen ville ha vore fornøgd med innsatsen same korleis det gjekk i finalen. Han hadde alt prestert langt betre enn venta i dei fartsfylte og krevjande Røros-løypene.
Kva tenker du om neste år og det som blir din andre juniorsesong?
Eg håpar sjølvsagt å fortsette framgangen. Men det er ingen garanti for at eg klarar å følgje opp dei flotte resultata frå i vinter. Det ville vore kjekt med ei pallplassering eller to neste år. Dersom eg held meg unna sjukdom og skadar kan det vere mogleg. Eg veit ikkje om eg kjem til å trene så mykje meir enn det eg har gjort. Minst like viktig blir det å fokusere på kvaliteten og innhaldet i treningsøktene. Det kan hende eg stiller i Haukelirennet. I så fall blir det mitt siste renn før eg innleiar sykkelsesongen, seier Sindre.