Unge snøkunstnarar
Dei vaksne sviktar kubane, men dei unge held snoformingsfestivalen i hevd i Åmot.
Ordførar i Vinje, Arne Vinje, ynskte velkomen til årets høgdepunkt laurdag ettermiddag på hotelltomta i Åmot.
Det er eit fantastisk påfunn, tenk å leggje ned så mykje arbeid og ressursar med å forme dessa kvite klossane om til vakre kunstverk. Etter ei beite har dei bråna i vårsola. Det er bra at me kan gjere noko fint, sjølv om det bare skal vere for ei lita beite. Eg vil også takke hjarteleg dessa stribukkane av arrangørar som set i gang år etter år til glede for alle oss andre. Slike arrangement er bra for bygda, bra for Åmot og bra for kommunen, uttala ordførar Vinje og ynskte deltakarane lukke til med arbeidet.
Artikkelen held fram under annonsen.
Dans og quiz
Fredag opna årets snoformingsfestival med pubquiz i eit telt som var reist på hotelltomta.
Det var godt oppmøte og eit vellukka arrangement. Meininga med å leggje pubquizen ute, var for å skape eit miljø for dei som skulle jobbe med stor kube. Det blei også halde ei oppsøkjande framføring av moderne dans kalla «Anti loop», fortel ein av arrangørane, Signe Marie Kittelsaa.
Må vurdere
Kittelsaa fortel at deltakarane som meldte seg på til dei to store kubane trakk seg fredag morgon, difor fekk dei eldste barna lov til å utfalde seg med dei to kubane på tre gonger tre meter laurdag.
Me må vurdere om me skal halde fram med dei store kubane, uttala Kittelsaa.
Nokre gutar hadde raskt planen klar. Dei ville lage ein tunell frå toppen av kuben og ned på sida. Ein fin aktivitet å vere med på fram til ventetida for utforming av små kubar var nådd.
Blitt tradisjon
Når klokka slo to var det klart for å starte arbeidet med kvadrata av snø på same tid som skirennet gjekk på hotelltomta.
Ein jentegjeng frå Bærum og Moss, representert med Mina Bjone, Maren Bjone, Thale Kallåk og Hedvik Lys var raskt godt i gang med arbeidet ut frå planane dei hadde på arbeidsteikninga.
Jentene kunne fortelje at dei var med på snoformingsfestivalen for fjerde gong, og trivst godt.
Artikkelen held fram under annonsen.
Kuben skal bli forma om til ei hol søyle og til slutt illustrere menneske i ring som eit kor, kunne Mina Bjone fortelje.
Desse fekk pris:
1. plass: Mari Fossland og Åsne Kleiv.
2. plass og skulptøranes pris: Eirin Gardsteig og Ingvild Bjåen.