Etter å ha hatt ansvaret for den daglege drifta av Fristadsenteret AS sidan 1998, kjøper no Fredrik Damberg og Marianne Tveito Damberg 100% av aksjane i familieverksemda. Verksemda omfattar Elkjøp, Jernia og Sport1 Vinje.
Etter å ha hatt ansvaret for den daglege drifta av Fristadsenteret AS sidan 1998, kjøper no Fredrik Damberg og Marianne Tveito Damberg 100% av aksjane i familieverksemda. Verksemda omfattar Elkjøp, Jernia og Sport1 Vinje.

Klare for neste kapittel i familiesagaen

* Det 23 år gamle paret Tveito/Damberg var ikkje heilt klare for å flytte heim då Fredrik overtok butikksjefjobben i familiebedrifta i Åmot i 1998.* Men dei blei verande, og har hatt ansvaret for drifta av Fristadsenteret sidan då. Denne veka kjøpte ekteparet alle aksjane i verksemda, som omsette for 46 millionar kroner i fjor.

– Hadde me vore smarte, hadde me vel kjøpt det i 98, ler Fredrik Damberg.

Han var heilt nyutdanna frå Noregs varehandelhøgskule då Fristadsenteret trong ein ny butikksjef for 17 år sidan. Det var aldri særleg tvil om at han skulle heim att for å arbeide i familieverksemda, der han så å seie er fødd og oppvaksen. Men det var ikkje planen at han og kjærasten Marianne skulle heim att alt som 23-åringar. Marianne hadde arbeidd som lærar eitt år, og ville utdanne seg vidare. Dei skulle bu i byen ei beite til. Ut og reise.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me var ikkje heilt einige då, nei, seier Marianne Tveito Damberg og kikkar på ektemannen.

– Det blei vel eit kompromiss, flirer Fredrik.

To år, så skulle dei ut og reise i eit halvt år. Og det blei eit halvt år med sekk på ryggen før dei vendte heim att for godt.

– Det var veldig lurt å ta den turen, konkluderer dei no.

Einaste i landet

Ingen andre i Noreg driftar tre butikk-kjedar under same tak slik dei gjer med Elkjøp, Jernia og Sport 1.

– Det er krevjande, men gjev synergieffektar. Me kunne aldri drive ei så stor Elkjøpforretning i Åmot åleine. Målet vårt er at folk kan koma hit og få ordna alt dei skal på ein plass, seier Fredrik, og fortel at nedslagsfeltet stadig aukar. Verken setesdølar eller seljordingar er seine om å reise til Åmot på handletur.

På senteret finst i dag også klesforretninga Hos Lise, apotek, bank og Coop Xtra – pluss at det blir jobba med eit «veldig spennande konsept» for kafédrift, ifylgje Fredrik, etter at Kafé Viola la ned tidlegare i år.

Det som i dag er Vest-Telemarks største kjøpesenter er ei tradisjonsrik familieverksemd i Åmot. I 1976 kjøpte foreldra til Fredrik, Bjørg og Tore Damberg, byggevaredelen av Vinje Sag og Høvleri av Bjørgs far Torgeir T. Tjønn. Dei starta då Vinje Byggevarer AS, som etter kvart blei til Fristadsenteret og dermed har 40-årsjubileum i år.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein liten by i Sverige

Då Vinje Byggevarer flytta over brua til Åmot sentrum, heldt dei fyrst til i det som inntil nyleg var DNB-bygget. Dei blei hovudgrossist i Noreg for Fristad arbeidsklede, med lokalkontor i Oslo og Bergen. Dei voks stadig, og i 1990 stod kjøpesenteret i Åmot klart. Etter kvart som dei gjekk vekk frå byggevaredrift måtte også namnet gjera det same. Vinje byggjevare blei til Fristadsenteret – fordi det uansett var det alle kalla det.

– Fristad er ein liten by i Sverige … Men eg trur aldri me kjem vekk frå det namnet, seier senterleiar Fredrik og ler.

I 2010 opna nye Fristadsenteret etter mange års arbeid for å få til utvidinga.

– Det har vore mange lange, tunge prosessar, seier Fredrik.

Senteret har vakse jamt og trutt. Då dei overtok i 1998 var omsetninga på 10-12 millionar kroner. I fjor kunne dei notere eit toppår med 46 millionar i omsetning. Dei skryter av flinke og sjølvgåande tilsette, totalt 21 årsverk.

Generasjonsskifte

Drivarparet har hatt veldig frie taumar i utviklinga av drifta. At dei no kjøper driftsselskapet har litt med generasjonsskifte å gjera, forklarar dei.

– Me er tre sysken, så å dele opp eigedomsbiten er ein ting. Men å dele drifta er ikkje like enkelt. Ein må kunne ta avgjerder ad hoc, seier Fredrik.

Seljar er Fristad Holding AS, eigd av Bjørg Damberg. Holdingselskapet eig også Fristad Eigedom som eig bygningsmassen på Fristadsenteret, men det er altså butikkdrifta som no er på nye hender. Broren Anders er meir involvert i Fristad Eigedom.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette er Åmots største familie-imperium?

Drivarparet ler igjen, og veit ikkje heilt korleis dei skal svare på det.

– Det har balla på seg, smiler Fredrik.

– Bra me har ungar

Etter to år som lærar med ein gong dei kom heim, starta også Marianne å arbeide på senteret. Ho er rekneskapsansvarleg.

– Korleis er det å både bu og arbeide saman?

– Det er bra me har ungar, for å seie det slik. Då kan ein ikkje snakke jobb heile tida, og blir tvinga til å gjera andre ting, smiler Marianne.