Me blar i minnebøkene
I mange, mange år var minnebøker populære. Kan hende er det framleis slik. Dikt og vers på rim og kanskje ei teikning eller to utgjorde linene i dåtidas dyrebare personelege eigedel.
Lev vel. Pus mus. Lev livet lenge lykkeleg. Dette er berre nokre få smakebitar frå minnebøkene mine. Desse reglene blei som regel skrivne i tillegg til sjølve minnet. Slekt og vener, unge og gamle, alle blei bedne om å skrive nokre ord i minnebøkene. Ofte blei dei same frasene gjentekne, men i blant er det grunn til å tru at forfattaren sjølv fann og skreiv orda. Salmevers var det også vanleg å bruke.
Blar i livets minne
Her er nokre døme frå bladfykens eigne minnebøker. Ikkje alle forfattaranes namn er med - av ymse årsaker. Ikkje alle er blant oss i dag, og kanskje er det ikkje alle som har lyst til å ha namnet på prent heller.
Artikkelen held fram under annonsen.
«X for U
6 for 7
Du skal ikkje på jentene tru!»
«Du Stein Olav
du er no ein grei gut
sjølv om du berre seier tut-tut.»
Men kva er eigentleg ei minnebok?
«Ei minnebok, også kalla stambok, poesialbum og anna, er ei personleg bok med vanlegvis blanke ark der vener og kjende skriv namnet sitt saman med ei helsing, gjerne i form av eit koseleg vers, eit passande sitat eller ei teikning. Opphavet er stambøker som studentar og andre tok med seg på reise som ei slags gjestebok der vener, kollegaer, lærarar og andre skreiv autografar og anna. Personlege poesialbum med oppbygde dikt og helsingar var mykje bruka i Noreg på 1700 og 1800-talet. I dag er minnebøker vanlegast som små venealbum blant skuleborn, oftast jenter. I ettertid kan minnebøker vekkje kjensleladde minne», står det å lese på Wikipedia.
Artikkelen held fram under annonsen.
Og eg stadefstar at det stemmer. Dei vekkjer kjensleladde minne.
«På eit lite bakkeheld sat han
Stein Olav seint ein kveld. Snudde
hovudet stadig om, for å sjå om
kjærasten kom.»
«Barndomstid hos far og mor,
glem det ei når du blir stor.
Det du lærte i ditt hjem,
Artikkelen held fram under annonsen.
vil deg sikkert føre frem.»
Det er store variasjoner i minna som er skrivne i minnebøkene. Nokon er lette og enkle, medan andre er noko djupare.
«Og katten bort med
Stein Olav sprang,
og fanten stod
med nesa lang.»
«Nokre likar kaffi,
nokre likar te,
Artikkelen held fram under annonsen.
men Stein Olav likar best
å sitja på mor si sitt kne.»
«En ungdom som er sterk og sunn,
er hele folkets æressak,
er hele livets blomstringsdag,
oppstandelse på fedres grunn
av alle slekter. Atter blommer
de gamle i de unges sommer.»
Artikkelen held fram under annonsen.
Dette minnet blei i si tid skrive av ein lærar eg hadde på Dalen.
No er det mange år sidan minnebøkene mine blei opna sist. Dei blir liksom bortgløymde på eit vis. Men under ei opprydding dukka dei opp, slik minnebøker har ein tendens til å gjera. Og det er då det er moro å lese i dei, og gjerne mimre litt om dei som i si tid tok seg tid til å skrive nokre liner.
«Vil du skrive eit minne i boka mi,
så skal eg minnast deg all mi tid.»
Nåja, det er vel ikkje heilt sikkert at ein hadde kome i hug alle og einkvar. Men kva har ein vel minnebøker til ...