Dei finske systrene Britta Waldenstrøm (t.v.) og Borghild Ståland fekk målprisen i Kviteseid.
Dei finske systrene Britta Waldenstrøm (t.v.) og Borghild Ståland fekk målprisen i Kviteseid.

Systrer heidra for god målbruk

På ein triveleg bygdekveld marknadsfredagen i Kviteseid fekk dei finske systrene Britta Waldenstrøm og Borghild Ståland målprisen. Andre blei heidra for skriving og filming.

I Kviteseid er det tradisjon å ha bygdekveld marknadsfredagen. Eit fast innslag er utdeling av målprisen frå kommunen og Kviteseid Mållag. Nesten like garantert på tilstellinga er det at Kviteseid Hornmusikk deltek.

Korpset, med gode vener frå naboområde, opna tilstellinga. Fyrst ute var fire aspirantar med tri innslag, før dirigent Villy Aufles let alle dei andre musikantane sleppe til. Framføringa av dei musikalske godbitane gav godt grunnlag for ein vellykka kveld.

Artikkelen held fram under annonsen.

I desse OL-tider måtte mållagsleiar Einar Leiv Søreide bare legge til at Ingrid Aufles er tante til Villy. Ingrid deltok i OL både i -68 og -72.

50 dikt

Etter at mållaget hadde fått med skuleelevane i kommunen på ei skrivetevling, skulle dei beste bidraga premierast på bygdekvelden. Tema dei unge hadde å velje i var eventyr om heimbygda eller skrive dikt. I fyrste kategorien fekk ei godt arbeidande 4. klasse premien på 1.000 kroner. Blant så mange som 50 innleverte dikt stakk Hans Tarjei Fjågesund (11) av med fyrstepremien på 1.000 kroner.

– Det var moro å jobbe med diktet og eg skreiv det på skulen i nokre timar på ei veke. Det var litt vanskeleg, men eg hadde bestemt meg for kva diktet skulle handle om. 1.000 kroner for diktet, det er bra det. Eg veit ikkje heilt kva eg skal bruke pengane til, men det blir ikkje til godteri, seier Hans Tarjei frå Fjågesund til VTB.

Alle dei 50 dikta kan snart bli å lese på biblioteket i bygda.

Under opparbeidinga av kunstgrasbanen i fjor dokumenterte Leif Jamtveit prosjektet ved i fleire dagar å filme korleis ein bane blir til. Resultatet er ein cd med ein 13 minuttar lang film som mellom anna leverandøren av kunstgrasbanen skal bruke.

– Du gjorde eit formidabelt arbeid og laga ein kjempedokumentasjon som er viktig for notid og ettertid. Leif, eg vil gjerne at du kjem hit, sa leiar Halvor Nyland i idrettslaget, klar til å gje ein fortent gåvesjekk på 6.000 kroner frå laget og kommunen.

– Dette var skikkeleg overraskande. Hadde eg visst dette, er det ikkje sikkert eg hadde møtt opp, sa Leif og smilte.

Kviteseiddialekten inne

Kviteseidordførar Torstein Tveito stod for utdelinga av målprisen. Denne gongen skulle to personar få utmerkinga; diplom og ein skulptur laga av Gunnar Torvund.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Språkleg innvandring er ein stor fare for dialekten vår. Heldigvis har me innflyttarar i bygda som ynskjer å lære dialekten så fort som råd. Som gode døme på innflyttarar og brukarar av dialekten vår både i arbeid og elles ute i det daglege livet, går målprisen til systrene Britta Waldenstrøm og Borghild Ståland, annonserte ordføraren, og bad to overraska vinnarar kome fram for å mottake heidringa.

Applausen var stor frå ei godt besøkt tilstelling. Systrene som flytta frå Finland tidleg på 70-talet for å jobbe i bygda, har kviteseiddialekten inne og vel så det.

– Me må vel takke då. Dette var då så alt for meget, sa Britta Waldenstrøm med glimt i augo, og møtte applaus igjen.

– Men det var vel fortent, slo mållagsleiar Einar Leiv Søreide fast.