Full gass framover for snøskuterbedrift
Jon Neset på Møsstrond har halde på med snøskutersal og service sidan 1977.
– Det er klart eg hadde trua på at det gjekk an å leve av dette. Eg måtte trass alt låne pengar for å setje opp verkstaden og butikken då eg starta for 39 år sidan, smiler Jon Neset som driv Snøscooterservice.
Han arbeidde på anlegg som reparatør, men den store interessa for snøskuterar gjorde at han hoppa av som anleggsslusk og byrja for seg sjølv.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det var kanskje vågalt der og då. Eg treivst godt som slusk, men med snøskuterdilla såg eg sjansen, fortel han.
Ligg litt unna
Nesten inst i enden av Varlandsvegen på Møsstrond held Neset til. Det ser ikkje ut til at den for mange usentrale staden har noko å seie for korkje sal eller anna.
– Me har gjennom mange år bygt opp eit godt rykte, og då er det ikkje så viktig kvar ein held til. Eg trur kundane set meir pris på kvalitet og god service, enn om me held til langs ein europaveg, forklarer Neset.
Bedrifta har stort sett berre selt snøskuterar av merket Yamaha. Dei sel også båtmotorar, firehjulingar og snøfresarar, i tillegg til det meste av skuterklede og tilhøyrande.
– Me sel også aluminiumsbåtar av merket Buster, seier Neset.
– Yamaha kjøpte opp Buster for eitt år sidan, fortel Tom Inge Hellesvik frå Yamaha Noreg.
Imponert importør
I samband med oppussinga var Yamaha på plass med sine aller nyaste skuterar, og Hellesvik er imponert over at Neset og dei andre tilsette i bedrifta har halde hjula i gang så lenge.
– Det er imponerande å tenkje på at bedrifta som no tel fem fast tilsette har halde på samanhengande i 39 år. Det fortel meg at det er kvalitet i alle ledd, og at dei har eit umåteleg godt ord på seg. Eg bøyer meg i støvet, smiler Hellesvik.
Artikkelen held fram under annonsen.
Neset er godt fornøgd med oppussinga, og meiner kundane no kan få studere produkta deira i meir komfortable omgjevnader.
– I tillegg har me den store føremona at her kan kundane prøvekøyre både firehjulingar, snøskuterar og båtar utan at dei får folk på nakken. Det er også viktig for oss at me kan prøvekøyre farkosten som skal til service, forklarer Neset.
Snart tusen
Det er Yamaha Viking som er den store volummodellen blant snøskuterane hjå Snøscooterservice. Og snart kan bedrifta på Møsstrond runde tusen selde av den trufaste slitaren.
– Den fyrste utgåva kom i 1987, og opp gjennom åra har modellen blitt forbetra. Motoren og grunnpakka er stort sett den same, men både utstyr og utsjånad har endra seg noko. Og snart nærmar me oss tusen selde av denne pålitelege arbeidshesten, fortel Jostein Hylland, som byrja hjå Neset i vår.
Heilt sidan 1977 har bedrifta selt Yamaha.
– Me har vel alle produkta frå Yamaha sett bort ifrå motorsyklar og musikkinstrument, ler Hylland.
– Kor mange snøskuterar sel de i løpet av eitt år?
– Med nytt og bruka ligg det på om lag 100 skuterar. Det er både hyttefolk og fastbuande som handlar. Årsaka til at me sel mykje av Vikingen er i fyrste rekkje fordi det er ein påliteleg skuter som passar godt til å frakte både folk og gods med. I tillegg er han enkel å bruke og god til å ta seg fram. Det er i det heile tatt eit trygt og godt val for den som kanskje ikkje har særleg erfaring med snøskuter frå før. Og det er ein skuter som er lett å selje brukt også. Ein typisk hytte- og fyrstegongs skuter, forklarer Hylland.
Artikkelen held fram under annonsen.
Kundar frå mange stader
Han seier også at i tillegg til hyttefolk og fastbuande har dei mange storkundar som til dømes kraftlag og løypelag.
– I tillegg brukar politiet på Notodden oss når dei skal ha service på skuterane sine, legg Jon Neset til.
Bedrifta har etter kvart eit stort og breitt nettverk. Det gjer at dei har kundar frå mange stader rundt om i landet. Anten det handlar om service eller sal.
– Me hadde telefon frå ein kar i Stavanger som ynskte service på snøskuteren sin hjå oss. Han må ha blitt tipsa om oss av nokon i venekrinsen vil eg tru. Det fortel at den beste marknadsføringa me kan ha er fornøgde kundar som delar det med andre, smiler Hylland.
– Ja, det tek tid å byggje opp eit godt rykte, men å rive det ned er gjort i ein fei. Derfor har me heile tida kundens beste for auget, legg Neset til.
Skal ein kjøpe ny snøskuter i dag kan du få volummodellen til under 100 000 kroner. Men om du vil ha noko heftigare må du leggje på nokre tusenlappar ekstra.
– Vikingen får du frå 96 000 kroner. Det er utan tvil ein medverkande årsak til at så mange kjøper denne modellen. Skal du han ein spreking med 200 hestekrefter og turbo må du ut med nærare 170 000 kroner, seier Hylland.
– Kva tid på året sel de mest snøskuterar?
Artikkelen held fram under annonsen.
– Me sel heile året, og eg trur det er prisnivået som er det viktigaste for folk, ikkje nødvendigvis årstida. Men det er klart at hausten med snøen som kryp nærare ofte gjer noko med salstala, svarar han.
40 neste år
Det nye oppvarma utstillingsromet i andre høgda er no på 100 rutemeter, og der kan kundane nyte alle modellane til Yamaha og anna tilhøyrande utstyr i fred og ro.
Neste år feirar bedrifta 40-årsjubileum, og det har dei planar om å markere.
– Det skal me heilt klart gjere. Eg seier meg i alle fall godt fornøgd med dei fyrste 39, avsluttar Jon Neset.