Tor Gunnar Austjord orienterte torsdag formannskapet i Fyresdal om forprosjektet med tanke på ein stor næringspark i bygda.
Tor Gunnar Austjord orienterte torsdag formannskapet i Fyresdal om forprosjektet med tanke på ein stor næringspark i bygda.

Gjødsla næringshageplan

Det spirer og gror så bra i næringshagen i Fyresdal at formannskapet løyver pengar til det som kan bli næringsklynge med minst 30 arbeidsplassar.

Eit nederlandsk ektepar kjøpte for nokre år sidan bussgarasjebygget ved Fyresvatn i sentrum av Fyresdal. Paret driv no med kafé, i tillegg til å tilby arbeidslokale i ein næringshage. Hagen har vakse seg større og større. Faun naturforvaltning har sju tilsette som jobbar der, og AT Plan har fire i arbeid. I tillegg er det også anna aktivitet frå einskildpersonar.

Faun naturforvaltning har fått tilbod om å kjøpe næringshagebygget og også resten av lokala som nederlendarane eig. Styret i Faun gav dagleg leiar Tor Gunnar Austjord i oppdrag å vurdere kjøp av næringshagen, kjøp eller leige av andre bygg, nybygg og lokalisering i ei tid det nasjonale kompetansesenteret i Fyresdal er i vekst. Truleg vil AT Plan også få behov for meir lokale i ei positiv utviklingstid.

Artikkelen held fram under annonsen.

Klynge i hotellbygg?

Torsdag fekk formannskapet i Fyresdal oppleve med eigne augo at det spirer av optimisme hos Austjord. Han hadde på førehand snakka med dagleg leiar Olav A. Veum i Vest-Telemark næringsforum (VTNF).

– Kommunen har stort behov for arbeidsplassar. Både Veum og eg ser moglegheiter, og dei bør me ta. Men det er heilt avgjerande at me får politisk støtte her og regionalt, sa Austjord til lokalpolitikarane.

Faun og VTNF har søkt Fyresdal kommune om 218.000 kroner til eit forprosjekt med tanke på å ende opp med ei naturforvaltingsbasert næringsklynge med 30-50 tilsette i bygda. Då er det viktig å ha eit bygg med nok kapasitet og høg kvalitet. Austjord er kjend med planen for bruk av hotellbygget, og sa han ser potensialet med å få til noko ordentleg der.

– Eg ser at hotellet kan bli eit heilt rått prosjekt, og med helsestudio og kantine. Om me kan seie at me har mykje finare kontor enn andre, vil slikt gjere det endå lettare å rekruttere folk. Me har eit mål om minst 30 årsverk i næringshagen, sa Austjord.

Han nemnde nokre døme på eventuelle verksemder som passar inn i næringshagen, og sjølvsagt er tanken også å hente verksemder utanfor kommunen.

Dra lasset saman

– Olav A. Veum i VTNF har spisskompetanse og eit enormt nettverk. Han er viljug til å gjere ein jobb i forprosjektet. Tanken er at Fyresdal kommune skal betale andre for å gjere den jobben kommunen skulle gjort sjølv. Det er viktig at me, administrasjonen og politikarane dreg lasset saman, elles nyttar det ikkje. Her får me ein kjempemoglegheit me kanskje sjeldan har hatt i Fyresdal, såg Austjord på formannskapet.

Han la til at Faun er initiativtakar til prosjektet, men skal ikkje lage næringshagen. Det må andre ta seg av, til dømes kommunen.

– Eg trur næringsklynga er fullt mogleg å få til utan at Siva (Senter for industriell vekst) kjem her. Det er utan tvil ein fordel å få statlege midlar. Om ein så må drive seg sjølv, utan statleg finansiering, trur eg det er lurt å satse på næringshagen, sa Austjord.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er ikkje avgjerande at me får Siva i Fyresdal, men i Vest-Telemark. Men det er kjempebra om me fekk Siva her. Toget går i mai, skaut rådmann Ketil O. Kiland inn.

– Fyresdal har eit miljø og innhald i vekst. Det er suksessfaktor i eit slik prosjekt som næringsklynge. Her er det snakk om å gjødsle det vidare arbeidet, slo ordførar Bjørn Nome fast rundt søknaden om støtte.

Klynger viktige

Formannskapet sa samrøystes ja til å løyve 218.000 kroner til forprosjektet.

– Å gje 218.000 kroner er eit signal om at dette vil me verkeleg. Her er det bare å gje jernet, avslutta ordføraren saka for denne gongen.

– Faun har investert ein god del pengar i det som absolutt er ein kommunal jobb. Derfor er eg glad for tilskotet frå kommunen, seier Austjord til VTB like etter vedtaket.

Austjord meiner næringsklynger er utruleg viktige for heile Vest-Telemark, og for mange er det viktig å sitte i eit større miljø.

– Får Erik Skjervagen til det han planlegg om hotellet, blir det veldig bra og ein stor arbeidsplass i Fyresdal. Realiserer Skjervagen prosjektet, er me nok i bygget der i framtida, avsluttar ein travel, engasjert og optimistisk Austjord, klar for at næringshagen i bygda skal gro så det monnar, igjen.

Helsekonsept for barn med vanskar

Erik Skjervagen meiner helsevesenet sviktar grovt og gjev feil tilbod til unge med til dømes ADHD. Fyresdalhotellet kan bli behandlingsstad for barn med vanskar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det har ikkje liksom villa seg heilt for ei eller anna fast drift i hotellbygningane i Fyresdal. Eit sal var ikkje så langt unna ved nyttårstider, men så glapp den fisken på grunn av manglande finansiering.

Erik Skjervagen, dagleg leiar i attføringsverksemda Telemark lys, blei for litt sidan sett på saka om kva ein kan bruke bygningane til. Han er no inne i ein prosjektfase som kan ende ut i eit konsept for drift i framtida. Det er for tidleg å konkludere kva ein skal ende opp med, men fart i idérike Skjervagen er det i alle fall. På den tida Skjervagen var rådmann i Fyresdal, ivra han for næringssaker. Den gløden er framleis på plass.

Skjervagen ser føre seg å bruke hotellbygningane til mellom anna ein stor næringshage.

– Eg tenner på ideen om næringspark. I Fyresdal er det ein veldig interessant base som kan byggjast vidare på, seier han om den rykande ferske næringsparkplanen med minst 30 tilsette.

Treningssenter

Vidare har Skjervagen tankar om at Telemark lys sel dagens bygg på industriområdet og flytter til hotellbygget der attføringsverksemda kan ta seg av kantinedrift.

– I bygget kan ein ha servering og resepsjon, fjernundervisingslokale, selskap og arrangement, og bruke hotellet som ei storstoge for bygda. Dagens leilegheiter kan vere slik dei er framover, eller dei kan bli utleigerom. Dessutan kan ein lage eit komplett treningssenter til innbyggjarane, seier Skjervagen.

Sjølv kan han tenkje seg å ha ansvaret for eit nytt helsekonsept; ta seg av barn med ADHD og anna.

– Ein kan prøve helsekonseptet ut på elevar her ved Gimle skule, for å dokumentere overfor heile landet at det fungerer. Familiar kan kome her. Etterpå må nok foreldre gjere ting sjølve, til dømes sjå på kosthaldet til barnet og at det ikkje ser så mykje på tv eller data, seier Skjervagen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Andre metodar

Han trur det er overdosediagnosefisering på til dømes ADHD.

– Eg trur ingen ting på at det er så mange unge med ADHD i Noreg, og heller ikkje at dei må ha medisin for å bli gode. To-tredelar av dei kan behandlast utan medisin og med andre metodar og bli bra. Helsevesenet sviktar grovt ved å gje dårleg og feil tilbod. Og når 20 prosent av elevane får spesialundervising, er det galskap når ein ikkje angrip problemet på rett måte, meiner Skjervagen.

– Eg kjem med påstandar, og det skal eg klare å dokumentere. Eg må kunne stå for det eg seier. Eg trur helsekonseptet for unge blir knallbra og har kjempetru på det, held han fram.

I tillegg brenn han for ei anna sak rundt satsinga på ny drift.

– Eg har kontakta ein feng shui-master i Oslo, og denne kvinna er også interiørarkitekt. Ho skal eg sleppe laus i hotellbygget. Dette kan bli gøy, og kan verkeleg gjere susen, avsluttar ein energisk Skjervagen, klar for meir planlegging.