Krev å behalde polititenesta
Gunhild Austjord (Bygdelista) har fått Fyresdal kommunestyre med på ei uttale der bygda krev å behalde polititenesta som ein funksjon i samfunnet.
Fyresdalrådmann Ketil O. Kiland fekk torsdag ros av kommunestyret for utgreiinga i høyringssaka om ny politistruktur i Vest-Telemark. Politikarane gav han full støtte i uttala om at Fyresdal ikkje finn det dokumentert at ei samanslåing av lensmannskontora i Vest-Telemark vil gje eit betre og tryggare tenestetilbod for innbyggjarane i kommunen. Derfor gjev Fyresdal tydeleg til kjenne at det ikkje er aktuelt å leggje ned lensmannskontoret i kommunen og erstatte det med alternative løysingar.
Gunhild Austjord registrerte at politimeistaren var veldig til å snakke under eit tidlegare besøk i Fyresdal.
Artikkelen held fram under annonsen.
Busetting
Men det var noko grunnleggjande galt i heile greia som politimeisteren snakka om. Me er eit samfunn med eit stort geografisk omland. Det går ei grense for kva me skal ofre av primærfunksjonar, sa Austjord.
Utan lensmannskontor ser ho det mellom anna som opplagt at responstida til politiet blir lengre, og ein vil i stor grad miste den førebyggjande effekten.
Me må stå på for å behalde lensmannsfunksjonen som også er viktig for å halde på busettinga, sa Austjord.
Alle utanom ein representant røysta for tilleggsframlegget ho kom med: Polititenesta er ein funksjon i samfunnet som ein som innbyggjar innafor eit stort geografisk område som Fyresdal, må kunne ha krav om å ha lokalt. Det ligg ikkje føre overordna nasjonale føringar i stortingsmeldingar eller anna, som forsvarar denne form for strukturendring som politimeisteren legg opp til.
Overstyring
Olav Gisle Noraberg (Ap) var veldig glad for at det ikkje er politimeisteren som skal avgjere saka, men departementet og statsråd. Lokalpolitikaren rista bare på hovudet av planen til politimeisteren om å ha to politibilar døgnet rundt i Øvre Telemark.
Politimeisteren lever i ei fantasiverd, slo Noraberg fast.
Etter møteslutt tok VTB ein prat med dei tri sentrale politikarar Gunhild Austjord, Olav Gisle Noraberg og ordførar Bjørn Nome (Sp).
Ikkje rør lensmannskontoret i Fyresdal. Denne saka handlar om overstyring frå politimeisteren. Ho gjer som ho vil, men skal ikkje lykkast i Fyresdal, er trioen klar på, og har god tru på at dei får behalde polititenesta som ho er i bygda i dag.