62 færre vesttelar det siste året
I løpet av 2010 vart det 62 færre vesttelar. Forskar Kjetil Lie meiner folketalsutviklinga er alarmerande i fleire av kommunane i Vest-Telemark.
Det er no 14.189 innbyggjarar i regionen. Kjetil Lie ved Telemarksforsking seier tala indikerer at distrikta slit med å halde oppe folketalet. Dette er ein trend ein har sett i fleire år. Ein nedgang i innbyggjartalet på 30 personar i Fyresdal i 2010, kallar forskaren urovekkjande. Han peiker på at Kviteseid og Tokke ikkje ser ut til å makte å få til vekst.
Regionordførar Anne-Nora Oma Dahle seier at Vest-Telemark som region ikkje er aleine om å ha utfordringar med folketalsutviklinga. Ho nemner at alle kommunane i regionen over lang tid har satsa for å «snu vinden fleire folk til Vest-Telemark».
Artikkelen held fram under annonsen.
Me må vere nøkterne optimistar. Sjølv trur eg at me klarer å få auke folketalet, men resultatet av arbeidet kjem ikkje raskt. Dette er ei langsiktig satsing, understrekar Oma Dahle.
Ho seier at ein har lykkast med å «framsnakke» regionen. Innbyggjarane bur i Vest-Telemark fordi dei vil det, og dei nye som busett seg i Vest-Telemark gjer det fordi dei vil det. Det same meiner ho gjeld for næringslivet.
Fokus på framstega
Heller enn å fokusere på folketalsnedgangen, vel regionordføraren å fokusere på det ho kallar framstega.
Me har ei forynging av innbyggjarane, og me har folk som vil heim att til Vest-Telemark. I tillegg har me eit næringsliv som trur og satsar på ei framtid i regionen. Likevel er det døme på vidareflytting av folk som har kome hit, og det er også næringslivsverksemder som ikkje klarer seg, nemner regionordføraren.
Kva fortel innbyggjartala Statistisk Sentralbyrå (SSB) presenterte torsdag om den vidare strategien for å få fleire innbyggjarar?
Tala fortel oss at me må arbeide vidare med måla me har sett oss. Eit av dei mange tiltaka er arbeidet med å lage nettverk i lokalsamfunna og i regionen for både einskildpersonar og verksemder. Vest-Telemark er ein felles arbeids- og bumarknad. Trur me på det, vert det også slik i framtida. Det er krevjande å bu i distrikts-Noreg. Men Vest-Telemark er ein livskraftig region, meiner regionordførar Anne-Nora Oma Dahle.
Smell for Fyresdal
I fleire år har folketalet gått kraftig attende i både Kviteseid og Tokke. Denne trenden endra seg ikkje i 2010 med ein tilbakegang på 21 innbyggjarar i båe kommunane. Det nye er at Fyresdal i løpet av fjoråret gjekk på ein ordentleg smell med ein nedgang i folketalet på 30 personar til berre 1.351 innbyggjarar ved årsskiftet.
Kva er årsaka til at Fyresdal no mister relativt mange innbyggjarar, ordførar Bjørn Nome?
Artikkelen held fram under annonsen.
Fødselsunderskotet i fjor er ei viktig årsak. Det vart berre født 6 nye fyresdølar, medan det døydde 22. Her er det ein ubalanse som er langt større enn det som har vore vanleg før om åra, seier Bjørn Nome.
Fyresdal-ordføraren peiker elles på at fjoråret vart bratt for ein del verksemder i kommunen og enda med at ting gjekk fløyten. Nedlegginga av til dømes Foldsæ trur Nome vert ei for enkel forklaring på årsaka til at det no berre er 1.351 fyresdølar att.
Finanskrisa gjorde 2010 til eit spesielt år. I kommunen har me vore innstilt på å tenkje utradisjonelt og nytt for å unngå ein smell i innbyggjartalet. Det fekk me ikkje til i fjor, men optimismen er der framleis, poengterer Bjørn Nome.
Fleire nederlendarar
Han meiner det er ei oppgåve for forskarane å finne årsaka til at ikkje alt går på skinner, så får politikarane ta seg av arbeidet med samfunnsutviklinga. Bjørn Nome seier at Fyresdal tidlegare med suksess har fått mange nederlendarar til kommunen. Dei er i dag ein viktig ressurs i kommunen. Nome fortel at dei no satsar på å få endå fleire folk frå Nederland til å busetje seg i Fyresdal.
Dette er gledeleg og det er klart eg er nøgd, seier ordførar Arne Vinje i ein kommentar til at folketalet i Vinje auka med 20 personar i løpet av 2010.
Vinje-ordføraren poengterer at det er eit vedvarande og langsiktig arbeid å snu den negative folketalsutviklinga i regionen. Men i hans eigen kommune har utviklinga vore relativt positiv i fleire år.
Fødselsbalansen
Ser ein på SSB-tala over talet på fødde og døde i dei seks Vest-Telemark-kommunane i 2010, skil også Fyresdal seg ut i negativ retning. Her kom 6 barn til verda, medan 22 fyresdølar gjekk ut av tida. Dermed vart det eit fødselsunderskot på heile 16 personar.
I Tokke vart det fødd 25 ungar i fjor, og like mange døydde. I dei fire andre kommunane var det fødselsoverskot, men tala er små: Seljord 2, Kviteseid 1, Nissedal 5 og Vinje 1.
Artikkelen held fram under annonsen.
Elles er det innvandring frå utlandet som er årsaka til at folketalsnedgangen i Vest-Telemark ikkje vart verre i 2010 enn han vart.
Sterk vekst
I dei tri kommunane i Midt-Telemark Bø, Sauherad og Nome auka folketalet med 186 innbyggjarar i fjor og er no oppe i 16.578 personar. Bø er framleis lokomotivet i midtfylket.
I Telemark samla var det ein vekst i folketalet på 954 personar. Fødselsoverskotet er lågt, slik at det er innvandringa frå utlandet som gjev veksten.
På landsbasis er det framleis fylka Oslo, Akershus, Rogaland og Hordaland som har den verkeleg store auken i innbyggjartalet. I dei to vestlandsfylka er det Stavanger-området og Bergens-området som opplever ein veldig vekst, medan utkantkommunane i Rogaland og Hordaland har dei same utfordringane som i Vest-Telemark med å bremse nedgangen i talet på innbyggjarar.