Klar for hyggjeleg oppdrag
Bjørn Nome ser møtet med dronninga av Nederland som å få smake på pynten av ordførarkaka.
I morgon steller den norske regjeringa til lunsj på Akershus slott. Ei av dei som kjem er dronning Beatrix frå Nederland. Vidare er Fyresdal-ordførar Bjørn Nome (Sp) på gjestelista. Grunnen er at kommunen i Vest-Telemark har hatt stor suksess med å hente nederlendarar til bygda. Det har regjeringa lagt merke til, og då er det lagleg å ha representant frå Fyresdal når den nederlandske dronninga er på besøk.
Det er mykje rart i ordførarkaka. Å møte dronninga blir eit hyggjeleg oppdrag og er pynten på kaka. Kanskje får eg handhelse på dronninga, seier Nome til VTB.
Artikkelen held fram under annonsen.
Mange innvandrarar
Han ser invitasjonen som honnør til ein liten kommune som har satsa på nederlendarar. Fyresdal er kommunen i Telemark med størst del innvandrarar, 10-11 prosent kjem frå utlandet.
Den høge prosenten er eg stolt av, og han seier noko om at Fyresdal er internasjonal og nokså moderne. Vidare fortel det at innbyggjarane og kommunen er opne og inkluderande, og det er eit sunt teikn, seier Nome.
På Veum i kveld skipar partiet hans til kulturkveld med ulike innslag frå innvandrarar, og dei står også for matlaginga.
Det blir mellom anna minikonsert frå Etno-musikkgruppa Ramjan, og Femke Drenth fortel om oppgåva si frå Høgskulen i Telemark om tilflytting av nederlendarar. Anja Hjelset, politisk rådgjevar i kommunal- og regionaldepartementet, skal snakke om tilrettelegging for harmonisk mangfald.
Kvelden passar som hand i hanske til det som skal skje onsdag, smiler ein snart reiseklar ordførar i Fyresdal.