Nybygget med kantine vil kome her på nordsida av skulen.
Nybygget med kantine vil kome her på nordsida av skulen.

Kan bli kjempeinvestering

Rådmannen i Fyresdal tilrår kommunestyret i kveld å gå vidare med ei sak der planen er å investere 75 millionar kroner i prosjekt Gimle skule. Ordføraren trur politikarane fylgjer tilrådinga.

Saka om kva som må gjerast for å få eit framtidsretta og godt skulebygg i Fyresdal har gått inn og ut av kommunestyret i årevis. For over tri år sidan slo dei folkevalde fast at det blei for dyrt å bruke 65 millionar kroner for å rehabilitere og byggje om Gimle skule, inventar og utstyr i samband med prosjektet og ei trafikkomlegging i området.

Valet blei heller å utgreie nybygg. Summen for ei slik løysing blei i januar 2007 grovt rekna til 95 millionar kroner. 10 månader seinare tilrådde dåverande rådmann å investere 130 millionar kroner som omhandla eit nytt kultur- og oppvekstsenter.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei folkevalde gjekk ikkje med på ei slik kjempeinvestering. I staden blei det vedteke å sette ei ramme på 50 millionar kroner til fleire prosjekt innan kommunale tenestebygg. Mellom anna galdt det skulen, biblioteket, kommunehuset og elles ei vegomlegging i området.

Flytte elevane

Etter dette har ei kommunal styringsgruppe vore i sving for å jobbe med prosjekt innan kommunale tenestebygg. Vidare blei arkitekt Eivind Spockeli i fjor haust tilsett i full stilling som prosjekt- og byggjeleiar i Fyresdal kommune for ein fireårsperiode.

Ein er no godt i gang med å byggje på biblioteket, og snart er oppussinga av helsehuset ferdig. Dessutan ligg det no føre eit nytt forslag på ei løysing for skulen.

Totalramma for prosjekt Gimle skule er på 75 millionar kroner. Pengane er fordelt på 58 millionar til rehabilitering og tilbygg ved skulen, 6 millionar til inventar etterpå, 2,3 millionar i kostnad for å flytte elevar i byggjetida, 0,7 millionar i byggjeleiing og 8 millionar til gjennomføring av sentrumsplanen. Det tyder ny veg sør for samfunnshuset, barnehagen og helsehuset, og nye parkeringsplassar. Vidare blir det parkeringsplassar mellom kommunehuset og symjehallen, men fyrst må ein flytte det kommunale bustadhuset som står der i dag.

Planen er mellom anna å pusse opp delar av underetasjen i skulen, gjere ein del ombygging i kontordelen, og rehabilitere lokala både for ungdomsskulen og mellomtrinnet. Ein god del av skulebygget får nytt ventilasjonsanlegg, nye vindaugo blir sett inn og ytterveggar og tak blir etterisolert. Vidare er tanken å sette opp eit nybygg på 200 kvadratmeter der ein kan ha kantine. Lokalet kan også brukast som ei storstoge med ulike funksjonar.

– Ikkje ta frå gangvegpengar

Ved ei eventuell bygging vil kommunen få att 10-12 millionar kroner i moms. Vidare vil prosjektet gje 4,8 millionar kroner i rentekompensasjon frå staten. Elles har ein i økonomiplanen fram til 2012 sett av over 40 millionar kroner til prosjekt Gimle skule, og 15 millionar kroner til gang- og sykkelveg frå kommunehuset og nordover. Desse vegpengane føreslår rådmannen heller å bruke til prosjektet og gjennomføring av sentrumsplanen.

– Prosjektet verkar nøkternt, og ein kan ikkje sjå at det kan kuttast kostnader utan at det får betydelege negative verknader for skulen, skriv sakshandsamar Eivind Spockeli i papira til kommunestyret.

Styringsgruppa for kommunale tenestebygg tilrår samrøystes å gå for prosjektet. Vidare meiner dei det er vesentleg at ein vurderer å flytte mest mogleg av skuleundervisninga i anleggsperioden. Alternativ kan kanskje vere samfunnshuset eller brakker.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg trur kommunestyret seier ja til å gå vidare med denne saka, men det blir nok uaktuelt å ta pengar frå gang- og sykkelvegen, seier ordførar Bjørn Nome i ein kommentar før kveldens møte.

Blir det politisk ja, skal ein innhente anbod på bygging av skulen. Så tek kommunestyret endeleg stilling til finansieringsplanen når anboda har kome inn, føreslå rådmannen.