Martha Schrøder (t.v.) ved Telemark Lys og Fyresdal-ordførar Bjørn Nome gav stortingskandidat Anja Hjelseth ei orientering om situasjonen rundt bedrifta.
Martha Schrøder (t.v.) ved Telemark Lys og Fyresdal-ordførar Bjørn Nome gav stortingskandidat Anja Hjelseth ei orientering om situasjonen rundt bedrifta.

Møtte spent attføringsbedrift

Anja Hjelseth, stortingskandidat for Telemark Sp, forstår godt bekymringa Telemark Lys i Fyresdal har etter varsel om kraftig reduksjon i tiltaksplassar.

Nav Telemark føreslår å kutte to av tiltaka i Telemark Lys. Grunnane er redusert tiltaksramme til fylket i statsbudsjettet, og fordi Vest-Telemark har for mange plassar i forhold til Grenland. Blir forslaget ein realitet, vil attføringsbedrifta i Fyresdal miste 5 plassar innan APS (arbeidspraksis) og 12 AB (arbeid med bistand). Eit slikt utfall kan gjere at det brenn eit blått lys for verksemda som kommunen eig.

Anja Hjelseth, stortingskandidat for Telemark Sp, er rundt i alle kommunane i fylket, og denne veka var ho innom Fyresdal. Kva var vel då meir aktuelt enn å vitje Telemark Lys i desse «brennbare» tider der det er mykje fokus på reduksjon av tiltaksplassar.

Artikkelen held fram under annonsen.

God dialog

Hjelseth fekk omvising i verksemda der hovudproduksjonen er pulkar. Denne sesongen er det produsert 1.700 pulkar i bygda, og dei fleste blir levert til ein stor sportskjede.

– Blir det kroken på døra for Telemark Lys, er det eit spørsmål kva som vil skje med produksjonen av pulkar, sa Fyresdal-ordførar Bjørn Nome til partifelle Hjelseth.

Åge Kvasjord, ein av arbeidarane i verksemda, fortalde at han sidan før jol hadde følt utryggleik for jobben sin. Det byrja då Nav Telemark kom med forslaget sitt.

– Eg fryktar for arbeidsplassen min. Eg har diabetes og har hatt ryggproblem, og har ikkje store trua på å finne anna arbeid. Då blir eg gåande heime, sa Kvasjord.

Martha Schrøder, avdelingsleiar APS ved Telemark Lys, var ikkje glad for at tilsette som er i ein sårbar situasjon må gjennom denne utryggleiken som dei opplever no.

– Telemark Lys føler at bedrifta har vore i forkant med å skape gode og nye tilbod, og så skal det barberast flest plassar her, sa ho undrande og skuffa.

Ordføraren skaut inn at han er optimist i saka, og fortalde at ein er i god dialog med Nav Telemark. Vidare har han fått signal frå Nav at dei ynskjer at Telemark Lys skal halde fram.

– Me kjempar for attføringsbedrifta på grunn av brukarane. Både politikarar og Telemark Lys jobbar på spreng for å sikre arbeidsplassane til dei som jobbar her, slo han fast.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Gjere kvarandre gode

Elles fortalde han Hjelset at dei fem ulike attføringsbedriftene i Vest-Telemark i dag jobbar kvar for seg for å behalde eigne tiltaksplassar.

– Det er vill vest-tilstandar og eit rotterace, og det har blitt ein gladiatorkamp mellom bedriftene. Me har ikkje bruk for konkurranse, men eit samarbeid og ein sterkare region som kjem betre ut med Nav, sa ordføraren.

Når det gjeld attføringsbedriftene i Fyresdal, Tokke og Vinje, blir det eit fellesmøte tysdag der både politikarar og administrasjonen skal delta.

– Me skal sjå kva me kan gjere for å få til samarbeid og gjere kvarandre gode. Eg håper Nav honorerer eit samarbeid, sa ordførar om kva som kan vere med og hindre særleg tap av tiltaksplassar til Grenland.

Nome har elles ikkje tru på ei løysing der dei fem attføringsbedriftene i Vest-Telemark slår seg saman, slik han oppfattar ynsket til Nav. Ordføraren kan heller tenkje seg at ein endar opp med to bedrifter, men det er det opp til kommunestyra å avgjere og ikkje Nav, slik han sa det.

– Auke ramma

Hjelseth syntest møtet med ordføraren og Telemark Lys var nyttig. Ho konstaterte at alternativet for mange, ved reduksjon i tiltaksplassar, er at dei ikkje har jobb. Ei slik løysing trudde ho ikkje Nav ynskjer. På same tid forstod ho ikkje heilt tankegangen til Nav om å ta bort plassar det er behov for.

– Eg forstår godt bekymringa til Telemark Lys. Problemet munnar ut i at ein ikkje har nok tiltaksplassar i fylket. Då må ein auke ramma nasjonalt. Det eg kan gjere er å påverke Regjeringa, seier Hjelseth til VTB.

Statsråd seier ramma er som før

Onsdag var Arbeids- og inkluderingsminister Dag Terje Andersen (Ap) i Vrådal på vårkonferansen til LO Telemark. Etter å ha innleia fylkeskonferansen og svara på innspel frå møtedeltakarane, fekk VTB ein prat med statsråden om tiltaksplassar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Statsråden slår straks fast at ramma i statsbudsjettet til tiltaksplassar er som før, og slik vil ho også vere framover. Om arbeidsløysa aukar framover, skal det ikkje gå ut over talet på plassar Nav har innan APS og AB.

– Me har halde eit høgt nivå på APS- og AB-plassar i Noreg. Det vil ikkje kome ein auke av desse plassane, me har lagt opp til å ha det nivået som er no, seier statsråden.

Han vil elles ikkje seie noko om fordelinga av plassar internt i Telemark, det er noko ein må ta seg av i fylket.