Karl Gran og Sigurd Telnes var nøgde med at Landstadsenteret fekk ein million kroner i tilskot frå Fellesfondet. Ordførar Solveig S. Abrahamsen lova at kommunen vil leggje til rette for at Landstadsenteret får overta prestegarden i bygda.
Karl Gran og Sigurd Telnes var nøgde med at Landstadsenteret fekk ein million kroner i tilskot frå Fellesfondet. Ordførar Solveig S. Abrahamsen lova at kommunen vil leggje til rette for at Landstadsenteret får overta prestegarden i bygda.

Landstadsenteret ynskjer prestegarden

Ordførar Solveig S. Abrahamsen stadfesta i Fellesfondet tysdag at Seljord kommune vil leggje til rette for at Landstadsenteret får overta prestegarden. Fellesfondet løyvde ein million kroner som delfinansiering av etableringsfasen.

Stiftinga Nasjonal Landstadsenter søkte Fellesfondet om eit tilskot på 1,5 millionar kroner, medan innstillinga frå regionrådsleiar Kjell Gunnar Heggenes var ein million kroner. I ordskiftet meinte ordførar Bjørn Nome i Fyresdal at 1,2 millionar kroner ville vere ei passeleg løyving. Framlegget vart vraka med fire mot tri røyster.

Sigurd Telnes, den drivande krafta for etableringa av Landstadsenteret i Seljord, fortalde i Fellesfondet at Landstadfamilien hadde tett tilknyting til prestegarden i bygda i tett innpå 30 år. Biskop Olav Skjevesland, som er leiar i stiftinga, har gjeve uttrykk for at prestegarden vil vere ein naturlig stad for forskinga og formidlinga av den kultur- og kyrkjehistoriske arven etter presten, salmediktaren og folkeminnesamlaren Magnus Brostrup Landstad.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Etableringa av Landstadsenteret er verdfullt for heile Vest-Telemarkregionen, og ikkje berre for Seljord, meinte ordførar Solveig S. Abrahamsen, og lova at kommunen vil gjere sitt til at senteret får overta prestegarden.

Karl Gran, ansvarleg for økonomi og finansiering ved Landstadsenteret, presenterte ein smakebit av prosjekta Landstadsenteret set i gang fram til sommaren. Det vert laga eit forprosjekt for å gje ut «Landstads samlede» med kommentar. Fagfolk skal no vurdere ambisjonsnivået ved ei slik utgjeving. Vidare vert det ei CD-utgjeving med Landstad-salmer i samarbeid med Oslo domkor og domorganist Terje Kvam. Samstundes skal det lagast ein plan for seinare CD-utgjevingar.

– Det er ein omfattande jobb å samle alt Landstad har skrive. Me ynskjer mellom anna å fortelje kven som har nytta stoffet hans seinare. Henrik Ibsen er ein av dei som brukte stoff Landstad samla inn og skreiv ned, fortalde Karl Gran og sa at 28. til 30. august vert det Landstad-seminar att i Seljord.