Dagleg leiar ved Telemark Lys, Erik Skjervagen, medgjev at det blir vanskeleg å drive vidare om attføringskuttforslaget frå Nav blir gjeldande, men han trur på ei løysing.
Dagleg leiar ved Telemark Lys, Erik Skjervagen, medgjev at det blir vanskeleg å drive vidare om attføringskuttforslaget frå Nav blir gjeldande, men han trur på ei løysing.

Uviss framtid for attføringsbedrift

Nav i Telemark foreslår å kutte to av tiltaka i Telemark Lys. Det kan vere starten på slutten for attføringsbedrifta i Fyresdal. Men både ordførar og dagleg leiar trur på ei løysing slik at ikkje brukarane blir skadelidande.

Fyresdal-ordførar Bjørn Nome aksepterer ikkje forslaget frå Nav. Han meiner tiltaka som er føreslege fjerna, er ein vesentleg del av Telemark Lys, og at kuttforslaget vil slå beina under vilkåra for å vere ei attføringsbedrift.

«... Det vil igjen føre med seg at verksemda må avviklast som heileigd kommunal attføringsbedrift. Med den konsekvensen at dei 40 som er på tiltak og dei åtte som er tilsette i verksemda vert utan arbeid ...», skriv Nome i eit svar til Nav.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han skriv vidare at det ikkje kan vere i Navs interesse at Fyresdal kommune skal oppleve ei auke i arbeidsløysa som tilsvarar 500 arbeidslause i Notodden eller kring 1.400 i Grenland, og at det lokale tilbodet om attføring skal forsvinne frå Fyresdal og Nissedal.

Ser ikkje gode alternativ

Det er i dag fem attføringsbedrifter i Vest-Telemark; Vinje vekst, Kviteseid Asvo, Vito på Dalen, Seljord personal og Telemark Lys i Fyresdal. Det er no behov for å redusere tiltaksplassane i regionen. Både fordi tiltaksramma til fylket er redusert i statsbudsjettet, men også fordi Vest-Telemark har for mange plassar i høve til Grenland. Plassar Grenland no har behov for å få tilbake.

Forslaget frå Nav blei fremja før nyttår og tek sikte på å gjelde frå 1. juli i år. Nav vil vidareføre talet på varig tilrettelagt arbeid-plassar (VTA) som er eit tilbod hos Vinje vekst og Kviteseid Asvo. Dessutan vil dei at Arbeid med bistand (AB) blir vidareført i eit samarbeid mellom Vito og Seljord kompetanse med totalt seks plassar. Telemark Lys mistar både AB og APS (arbeidspraksis i skjerma verksemd) om forslaget blir gjeldande.

«Me orsakar at forslaget fell dårleg ut for Telemark Lys, men ser det ikkje som noko godt alternativ å splitte opp tiltaksplassane ytterlegare», skriv avdelingsdirektør i Nav Telemark, Christian Høy i eit brev til eigarkommunane og attføringsbedriftene.

Frå Nav blir det understreka at framtidig fordeling av tiltaksplassar i Vest-Telemark er eit forslag, og ikkje noko endeleg vedtak. Dei har mellom anna sett på talet på arbeidssøkjarar og kor stor kommunen er, og dessutan lagt vekt på at det er nødvendig å ha ein viss storleik på tiltaksverksemdene for å kunne ta vare på og vidareutvikle kompetansen Nav etterspør.

«Det er eit klart mål for prosessen med å komme ned i talet på tiltaksplassar fram mot sommaren, at dette skal skje utan eller med minst mogleg negative konsekvensar for brukarane som i dag er inne i tiltaka», heiter det i brevet

Føler seg pressa

Bjørn Nome likar dårleg det han opplever som eit press frå Nav om at attføringsbedriftene skal fusjonere. Han bed om forståing for at det er snakk om sjølvstendige bedrifter som vurderer samarbeid eller fusjonering ut frå eigne behov og økonomi, og Nome meiner det i forslaget blir lagt tvingande føringar frå Nav om at Telemark Lys endrar strategi.

«Vår tolking av forslaget er at det er ein tvang til fusjonering» skriv Nome i brevet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Fusjonering er eigaranes avgjerd. Eg likar dårleg å bli pressa inn i eit hjørne. Men Telemark Lys har ikkje noko mot å samarbeide, utdjupar Nome til VTB.

Han viser til at attføringsbedrifta gjer det godt i høve til utvikling av nye tilbod og har attføringstilbod med særs gode resultat, i tillegg til god økonomi. Nome viser til at Telemark Lys er ei av attføringsbedriftene i fylket som gjer det godt, mellom anna med ein formidlingsprosent på 78 innan AB.

Han er uroa for konsekvensane for brukarane av tiltaka som er føreslege kutta i Fyresdal.

– I Vest-Telemark har ein ikkje så mange moglegheiter på arbeidsmarknaden som i Grenland, der det er meir mobilt. Det er ikkje lett å sette brukarane på bussar hit og dit. Det vil ikkje vere haldbart. Den lokale tilknytinga er ei viktig og positiv side, seier Nome til VTB.

Raude tal

Dagleg leiar ved Telemark Lys, Erik Skjervagen, likar ikkje forslaget frå Nav. Attføringsbedrifta har i dag fem APS-plassar og 12 AB-plassar. Båe desse tiltaka er av Nav føreslått fjerna ved Telemark Lys.

– Utgangspunktet vårt vil då bli veldig dårleg, og det hadde blitt vanskeleg å halde fram, innrømmer Skjervagen.

Forslaget vil truleg gje kring 1,5 millionar kroner mindre i inntekter for Telemark Lys, og vil i så fall gje raude tal i rekneskapen til attføringsbedrifta.

Men både Skjervagen og Nome er optimistar. Ordføraren rosar Nav for dialogen etter at forslaget kom. Det er hektisk aktivitet for å kome fram til ei løysing.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg er alltid optimist, også når det gjeld framtida til Telemark Lys. Me skal nok finne ei løysing, trur ordføraren, og legg til at saka også skal drøftast politisk i Vest-Telemarkrådet tysdag.

– Eg både trur og håpar det fyrste forslaget ikkje blir sett i verk, seier Erik Skjervagen.

Han er ikkje avvisande til samarbeid mellom attføringsbedriftene i Vest-Telemark, men at alle fem skal fusjonere, ser han som urealistisk.

– Geografien gjer at ikkje alle kan gå saman, då ville eg synast synd på den daglege leiaren, seier Skjervagen.

Han er innstilt på kutt i attføringstilbodet i Vest-Telemark, også hos Telemark Lys, men han håpar kutta blir til å leve med. Skjervagen skissere at om eitt av dei to tiltaka blir oppretthalde kan det vere nok til å halde fram.

– Lurt å slå seg saman

Christian Høy i Nav Telemark trur det kunne vere ein god idé for attføringsverksemdene i Vest-Telemark å slå seg saman, sjølv om han understrekar at visse føresetnader må på plass. Han trur dette kunne skapt robuste organisasjonar. Mange stader i resten av fylket har attføringsbedriftene fusjonert.

– Det totale talet på plassar i Vest-Telemark er for lite. Det er ikkje nok plassar til fordeling. Fagmiljøet blir for spinkelt. Tanken om samordning har dukka opp for å utnytte ressursane betre, seier Høy.

– Kvifor går forslaget hardast utover Telemark Lys?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er ut frå ei totalvurdering. Eg må understreke at me er veldig godt fornøgd med alle attføringsverksemdene i Vest-Telemark. Fagleg er dei veldig gode. Men me trur dette forslaget gjev best utnytting av ressursane, seier Høy.

– Kor stor er sjanse for at dette forslaget blir endeleg?

– Det er vanskeleg å seie. Det er ikkje mange alternativ. Mykje er i hendene på eigarane, meiner Høy.