Kan bli anlegg til ein halv milliard
Indre Agder og Telemark Avfallsselskap (Iata) håper skogeigarsida også blir med i etablering av eit nytt selskap. Oppgåva blir å ordne søknader som trengst før ei mogleg kjempeutbygging på Langmoen i Nissedal kommune.
Det er planar om å byggje eit kjempeanlegg til ein halv milliard kroner ved avfallsplassen som Iata eig på Langmoen i Haugsjåsund. Anlegget skal innehalde eit forbrenningsanlegg for avfall som det snart ikkje er lov lenger å leggje på deponi. Vidare inneheld investeringa ein dampgenerator for å produsere straum. Planen er også å ha ein pelletsfabrikk, og då er det behov for relativt store mengder massevirke årleg.
Iata har med seg fleire store interessentar i det vidare arbeidet med planane. Tidlegare Aker Grenland Industrier AS, no Stx Grenland Industrier AS (ein del av Stx Europe), har tatt kostnaden på fleire hundre tusen kroner for å få utarbeidd eit prospekt som gjeld satsing på Langmoen energigjenvinning AS og storutbygginga.
Artikkelen held fram under annonsen.
Fire interessefelt
I tillegg har det kome på plass ei intensjonsavtale med eit stort firma i Tyskland som fyrar vekk tidlegare problemstilling om korleis ein skal bli kvitt pelletsen. Firmaet er gira på å kome i gang med anlegget på Langmoen, og ynskjer å stå for både drifta og å selje pellets ferdig pakka i sekkar ut i Europa.
Ein draum, seier konsulent Bjørn Haugland i Iata om avtala med tyskarane.
Planen er no å starte fase 1 for å etablere Langmoen energigjenvinning AS. Selskapet skal innan eit halvt år prøve å få gjennom diverse nødvendige offentlege søknader, greie ut støtteordningar og sjå endå meir på økonomiske rammer.
Når godkjenningane ligg til grunn, er det mykje lettare å få med investorar, seier Haugland.
Selskapet skal ha med interessentar frå avfallssida, energisida og dei som skal stå for den tekniske biten. Vidare er skogeigarsida ynskt velkomen.
Me har no hatt eit positivt møte med AT Skog, og me håper på ei positiv tilbakemelding frå dei når det gjeld å vere med i fase 1, seier Haugland.
Iata sin del i selskapet blir 167.000 kroner. Det meiner Haugland er verdt pengane, for i neste omgang kan ein ende opp med storanlegget han trur har livets rett.
Mange arbeidsplassar
Oppbygginga av anlegget lagar arbeidsplassar, avfall blir til energi, det blir produsert straum og i tillegg pellets i ei tid ein snakkar om miljø. Dessutan vil det bli 16 nye arbeidsplassar, og vidare får me behalde dei me har i dag. Blir det ikkje noko av prosjektet, må me i staden trappe ned på tal tilsette og det blir bare att ein omlastings- og gjenvinningsstasjon på Langmoen, seier Haugland.
Artikkelen held fram under annonsen.
Fleire av aktørane som er inne i bildet med tanke på storutbygginga, er store aktørar med eigeninteresser. Det meiner Haugland er viktig for saka. I tillegg er representantskapet i Iata (representantar frå dei fire Iata-eigarane, kommunane Nissedal, Drangedal, Nome og Åmli), veldig positive til gigantplanen.
Dette er veldig spennande. Tenk å byggje for ein halv milliard i Nissedal! Det er nesten så eg grøsser og er stolt når eg tenker på det, seier Haugland, og ventar i spenning på om også skogeigarsida er klar for eit lyft av dimensjonar ute i tømmerbushen i distrikts-Noreg.