Lensmenn kan forsvinne
Omorganiseringar innan lensmannsetaten kan føre til at lensmenn forsvinn. Nei, seier Vest-Telemarkrådet, me vil ha ein lensmann i kvar kommune.
Ordninga med ein lensmann i kvar kommune kan stå for fall. Politimeisteren i Telemark arbeider no med ein full gjennomgang av einingsstrukturen i Telemark. I fylgje framlegga frå politimeisteren kan det ende med at det ikkje blir att ein einaste lensmann i vestfylket. I staden kan lensmannskontora bli såkalla tenestestader, der kontora blir bemanna, men utan ein fast leiar.
Eitt av dei andre alternativa inneber at det blir oppretta ein ny region i Vest-Telemark, der Kviteseid, Tokke og Vinje blir lagt under Seljord. Elles er forslaga ei anna inndeling enn slik vaktordninga er i dag. No er Nissedal i samarbeid med Kragerø og Drangedal, Seljord med Nome, Sauherad og Bø, Hjartdal med Notodden og Kviteseid, Tokke, Vinje og Fyresdal lensmannskontor er saman i ein vaktregion.
Artikkelen held fram under annonsen.
Identitetskjensla
I desse dagar er saka om omorganiseringa av lensmannsetaten ute på høyring i kommunane. Formannskapet i Tokke har alt handsama saka, og går inn for å halde oppe lensmannskontora som no.
Av omsyn til rekrutteringa til dei små lensmannskontora ser kommunen det som mest viktig at det ikkje blir formelle samanslåingar av lensmannsdistrikt. Å ha eigen lensmann i kvar kommune er òg i tråd med den lokale «folkesjela» og identitetskjensla til vesttelemarkingen, skriv Tokke formannskap i uttala si.
I vedtaket heiter det òg at kommunen ser eit samarbeid innan lensmannsetaten i Vest-Telemark som naturleg, der ein av lensmennene blir regionen sin representant i leiargruppa til politimeisteren.
Tingretten ligg i dag i Kviteseid. Her kan ein òg tenkje litt framover kva kan bli ein solid konstruksjon for å halde på statlege kontor og arbeidsplassar i Vest-Telemark i framtida, skriv rådmann Olav Bjørn Bakken i saksutgreiinga.
VTR vil samle regionen
Plasseringa av ein eventuell regionlensmann vart ikkje drøfta då saka om strukturen på lensmannsetaten vart handsama i Vest-Telemarkrådet (VTR) i førre veke. Men rådsmøtet vedtok ei uttale som blei tilrådd nytta i den einskilde kommunen, basert på vedtaket i Tokke formannskap. I uttala frå VTR heiter det at lensmannskontora i kvar einskild kommune må haldast oppe som eiga driftseining, med eigen lensmann i kvar kommune.
For å oppnå ei administrativ effektivisering ser ein det naturleg med eit samarbeid innan lensmannsetaten, der ein av lensmennene blir regionlensmann, heiter det i uttala.
Formannskapet i Seljord skal handsame saka i morgon. Rådmannen gjer, i tråd med fellesuttala frå VTR, framlegg om Vest-Telemark som ein eigen lensmannsregion, med Seljord lensmannskontor som eit godt bemanna kontor med eigen lensmann.
Politimeitsterens framlegg til inndeling
Alternativ 1. Ingen formell samanslåing av lensmannsdistrikt. Kviteseid lensmannskontor blir høyrande til til Midt-Telemark. Fyresdal lensmannskontor skal høyre til Vestmar. Rjukan, Tokke og Vinje dannar ny Øvre Telemark region. Ein regionlensmann får resultatansvar og koordinerande oppgåver.
Artikkelen held fram under annonsen.
Alternativ 2. Slå saman lensmannsdistrikt, og opprette tenestestader utan lensmann. Nissedal og Fyresdal lensmannskontor blir tenestestader under Drangedal. Kviteseid lensmannskontor blir tenestestad under Seljord, og Tokke lensmannskontor blir tenestestad under Vinje. Hjartdal lensmannskontor blir tenestestad under Notodden.
Alternativ 3. Nissedal og Fyresdal lensmannskontor blir lagt under Vestmar med hovudbøle i Kragerø. Seljord og Kviteseid lensmannskontor blir lagt under Midt-Telemark med hovudbøle i Bø. Tokke og Vinje lensmannskontor blir lagt under Øvre Telemark med hovudbøle på Rjukan. Hjartdal lensmannskontor blir lagt under Aust-Telemark med hovudbøle på Notodden.
Alternativ 4. Nissedal og Fyresdal lensmannskontor blir lagt under Vestmar. Hjartdal lensmannskontor blir lagt under Aust-Telemark. Kviteseid, Seljord, Tokke og Vinje lensmannskontor blir lagt under Vest-Telemark med hovudbøle i Seljord.