Dagleg leiar Børge Skårdal (t.v.) i Haukelivegen AS og regionordførar Erik Skjervagen er godt nøgd e med at byggjearbeidet frå Seljestad til Røldal kjem tidlegare enn det regjeringa varsla. Eit lån på ein halv milliard kroner kan føre til tunellstart i 2022.
Dagleg leiar Børge Skårdal (t.v.) i Haukelivegen AS og regionordførar Erik Skjervagen er godt nøgd e med at byggjearbeidet frå Seljestad til Røldal kjem tidlegare enn det regjeringa varsla. Eit lån på ein halv milliard kroner kan føre til tunellstart i 2022.

Lukkast med tunell-argument

Kreftene for ein skikkeleg E134 over fjellet reagerte på regjeringas forslag om starttidspunkt for tunell Seljestad– Røldal. I møtet med transportkomiteen på Stortinget har dei fått gjennomslag for tidlegare byggjestart.

Då regjeringa tidlegare i år kom med sitt framlegg til Nasjonal transportplan (NTP) 2018–2029, la dei opp til at det blir byggjestart for tunellen Seljestad–Røldal på E134 i siste del av planperioden, frå 2024.

Ein så sein start var mellom anna Haukelivegen AS og Vest-Telemarkrådet (VTR) ikkje nøgde med. Det blei derfor sendt eit brev til transportkomiteen, neste instans som skulle drøfte NTPen, der ein bad stortingspolitikarane medverke til byggjestart for tunellen i fyrste perioden av planen. Vidare at det skjer ved statleg løyving og/ eller ein meir offensiv og fleksibel bruk av bompengedelen av finansieringa.

Artikkelen held fram under annonsen.

Påverknad mot transportkomiteen stoppa ikkje med det. 1. juni var ein stor delegasjon til Oslo og møtte komiteen. Representantar for tre regionråd inkludert ordførarar og mellom anna Haukelivegen AS, NHO og LO stod på for raskare byggjestart.

Avgjerande

Sist måndag blei det klart at alle partia som er representerte i transportkomiteen på Stortinget går inn for oppstart av byggjearbeidet mellom Seljestad og Røldal i fyrste seksårsperiode ved bruk av bompengar. Det er ein siger for dei som har stått på i tunellsaka.

– Honnør til Haukelivegen AS og VTR som har gjort ein veldig god jobb, seier Knut Duesund (KrF), leiar i samferdselsutvalet i Telemark fylke.

– Då me var til Stortinget merka transportkomiteen seg at me var ein brei delegasjon, og at me som møtte der sa det same om kva ein må satse på. Det var eit veldig interessant og truleg avgjerande møte. Eg fekk god tru etterpå at det skulle bli

gare oppstart på tunellen, seier regionordførar Erik Skjervagen (Ap), dagen etter transportkomitéinnstillinga som går til Stortinget for endeleg avgjerd i neste veke.

Dagleg leiar Børge Skårdal i Haukelivegen AS er samd med Skjervagen.

– Eg trur det var eit avgjerande møte med komiteen på Stortinget, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Låner pengar til oppstarten

Taktikken i Oslo var å satse på nykkelen – bompengar.

– Då me snakka om forskottering av bompengar, blei tidlegare tunellstart mykje meir spiseleg for komiteen, seier regionordføraren.

Utbygginga mellom Seljestad og Røldal er kostnadsrekna til 2,9 milliardar kroner, og av desse er ein halv milliard bompengar. Planen som blei servert komiteen i Oslo er at Odda vegfinans låner denne summen og gjev han til Vegvesenet, og at Hordaland fylke garanterer for lånet. Om det ikkje kjem statlege pengar til tunellen før i 2024, kan ein bruke den lånte halve milliarden slik at byggjestarten på tunellen kan skje i 2022.

Påverkande arbeid

Om Stortinget vedtek innstillinga til transportkomiteen er neste fase å setje i gang bompengeprosessen og få den godkjent av Noregs øvste folkevalde, noko som kan skje i 2019. Vidare må ein både i Odda og Vinje godkjenne reguleringsplanen for fjellområdet. Høyring er venta komande september.

Innkrevjing av bompengar frå vegfarande på E134 over fjellet blir truleg sett i gang når tunellen står ferdig.

Regionordførar Skjervagen ser både tilbake og framover i tid.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ved at regjeringa ikkje føreslo tunellstart før i andre NTP-periode, var me eigentleg skuva ut i mørket. Det var interessant å møte transportkomiteen, for det viser truleg korleis ein må drive påverkande arbeid og skape alliansar, seier Skjervagen.

Ikkje med i forslaget

Og det blir nok meir behov for å «riste» i stortingspolitikarane for å få fleire og store løyvingar til E134, hovudvegen mellom Austlandet og Vestlandet.

– Neste utfordring er å få raskare byg- gjestart enn 2028–2029 på neste tunell, seier Skårdal.

Blei høyrde:Dagleg leiar Børge Skårdal (t.v.) i Haukelivegen AS og regionordførar Erik Skjervagen er godt nøgd e med at byggjearbeidet frå Seljestad til Røldal kjem tidlegare enn det regjeringa varsla. Eit lån på ein halv milliard kroner kan føre til tunellstart i 2022.

Kanskje kan det vere ei hjelp i at Høgre, Frp, Venstre og KrF i transportkomiteen slår fast i tilrådinga til Stortinget at det viktigaste punktet å utbetre på E134-strekninga er Haukelitunellane.

Eventuelle nedfelte summar i NTP til å byggje ny E134 frå Gvammen til Vågslid og til å få utgreia ny arm frå Odda til Bergen, kjem nok tidlegast på plass ved neste rullering av planen, om fire år. Det gjeld også to store utbetringsprosjekt på totalt ein halv milliard kroner på Rv41, det eine gjeld strekninga Nissedal–Treungen. Vegvesenet har inne summen i sitt grunnlagsdokument for ny NTP, men stortingspolitikarane er ikkje med på ei slik prioritering.

«Noreg i tvangstrøya» Ytringar på side 24.