Vil du ha deg kjæring på Marken i Kviteseid?
I tilfelle - Kviteseid Husflidslag - her representera ved Aslaug Lauvstad og Tone Straume - har eit utval på ikkje mindre enn 20. Men det nyttar lite med gamaldags frieri. Her må det loddkaup til. Og er du mellom heldige Markenstråvarar kan du berre ta ei eller fleire med deg heim. Dei trivelege kjæringane blei laga på eit medlemsmøte i Vrådal på seinvinteren. Fargeglade og trivelege alle saman - og føyelege for den saks skuld, bastkjæringar som dei er. Kviteseid Husflidslag er mellom mange lag og organisasjonar som markerar seg på Marken fredag og laurdag.
Her finn duheile 1987-årgangen av Vest-Telemark blad. (Arkivet er ope for alle VTB-abonnentar eller dagspass)