Sikra seg nok ein pris
Lokalmatbedrifta Skreppa i Morgedal har fått målprisen i Kviteseid.
På bygdekvelden i Kviteseid fredag i samband med marknadshelga var eitt av innslaga å dele ut målprisen, og det for 15. gong. Prisen, diplom og ein skulptur laga av Gunnar Torvund, gjekk til Skreppa, til stor applaus frå salen.
Inger Marie Bakås har jobba i Skreppa sidan oppstarten. Før bygdekvelden fekk ho ein telefon om utmerkinga.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Eg tenkte at eg ikkje ville ta telefonen, for eg trudde det var ein seljar. Men så tok eg han likevel, humrar Bakås.
Ho blei overraska over meldinga om at Skreppa skulle få målprisen.
– Det er kjempekoseleg og veldig moro, seier Bakås, etter å ha motteke prisen.
Bakås er veldig bevisst på å bruke dialekt, og opptatt av å ta vare på den.
– Det er viktig å ta vare på dialekten. Eg slår ikkje om, men brukar dialekten over alt. Eg snakkar ikkje fort, og trur flesteparten forstår dialekten, seier prisvinnaren.
Stolte
Kviteseidordførar Tarjei Gjelstad stod for prisutdelinga, men fyrst viste han til at ein mellom anna i Vest-Telemark har gode døme på bedrifter som meiner det fell naturleg for dei å bruke nynorsk. Det gjev ein lokal identitet og styrkar den lokale forankringa, og det finst døme på at bruk av nynorsk er ein konkurransefordel, sa ordføraren.
Han la til at somme ser det som naturleg å bruke sin dialekt når dei snakkar, og nynorsk når dei skriv.
– Årets prisvinnar, som starta opp i 2001, gjer dette. Dei er trygge på kvar dei kjem frå, og er stolte over å ha den lokale profileringa, sa Gjelstad.
Artikkelen held fram under annonsen.
Så minna han om at årets prisvinnar gjennom sine 17 år har sanka mange prisar og truleg er den småskalabedrifta som er bruka mest i marknadsføringa av diverse lokalmatprosjekt i Telemark.
Driftige
– Innovasjon Noreg sin bygdeutviklingspris i 2002, spesialmerket på heimebaka flatbrød i 2010 og lokalmatprisen for Telemark i 2013 er utmerkingar som har kome til desse driftige damene og karane i Kviteseid som leverer sitt produkt over store delar av Noreg. I tillegg fartar dei utlandet på oppdrag. Den flotte bedrifta var sist januar på Grüne Woche i Berlin, ei av verdas største matmesser, og gav smaksprøver på gode lokalprodukt frå Telemark, sa ordføraren.
Så heldt han fram:
– Flatbrød frå Morgedal er hovudproduktet, men mange har nok også smaka på klingen, svelene og ikkje minst tyttebærrjomen. Då er det sikkert ikkje så vanskeleg å gjette seg til at årets målprisvinnar er Skreppa.
Målprisen, som kommunen og mållaget deler ut, skal oppmuntre til god målbruk innan næringslivet, i organisasjonar og i det offentlege rom.