Erlend Høie (t.v.) og dagleg leiar Ole Johnny Lid ved Shell i Seljord får stadig spørsmål etter hovudpinetablettar. – Størst er pågangen ved festival- og Dyrskutider, avslører dei, og ser fram til å kunne selje reseptfrie medisinar.
Erlend Høie (t.v.) og dagleg leiar Ole Johnny Lid ved Shell i Seljord får stadig spørsmål etter hovudpinetablettar. – Størst er pågangen ved festival- og Dyrskutider, avslører dei, og ser fram til å kunne selje reseptfrie medisinar.

Vil kurere hovudverk døgnet rundt

Både daglegvarehandelen og bensinstasjonar kan no selje reseptfrie medisinar som smertestillande, nasespray og hostesaft. I Seljord sentrum kan apoteket få konkurranse med fem andre utsalsstadar om salet av legemidla. I Kviteseid, derimot, er dei meir atterhaldne, ser ein bort frå Statoil-stasjonen. Innehavar av Kviteseid og Seljord Apotek, Svein G. Dahl, håpar folk er lojale mot apoteka og dei etablerte medisinutsala, men fryktar konkurransen kan innebera endringar i apotekdekkinga i Vest-Telemark.

– Me reknar med å ha reseptfrie legemiddel til sals på Shell-stasjonen i Seljord i løpet av dei fyrste vekene, seier informasjonssjef i Norske Shell, Per Anders Owren. Han fortel at vareutvalet vil omfatte kring femten produkt av smertestillande medikament, nasespray, hostesaft og andre reseptfrie medisinar og helsekostprodukt.

– Korleis blir prisnivået i høve til apoteka?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me konkurrerer ikkje fyrst og fremst på pris, men tilgjenge. Av og til får folk vondt i hovudet om kvelden òg, seier Owren.

Det kan dei tilsette ved Shell-stasjonen skrive under på. På den døgnopne stasjonen har dei ofte spørsmål frå kundar om hovudpinetablettar, særleg i helgene, fortel dagleg leiar, Ole Johnny Lid.

– Spesielt stor etterspurnad har me under dei store festivalane og i Dyrsku'n, smiler dei tilsette, som er glade for å kunne tilby eit utval reseptfrie medisinar heile døgnet alle dagar i året.

Lid fortel at det er strenge reglar og forskrifter for omsetnad og lagring av medisinane.

– Alle medisinvarene skal oppbevarast bak disken. Det er 18 års aldersgrense for kjøp, og også avgrensingar i kor mykje ein kunde får kjøpe, legg han til.

Ikkje avgjort på Meny

Dagleg leiar av Meny på Telesenteret, Geir Tore Flatland, fortel at butikken har fått godkjenning for sal av reseptfrie medisinar, men at det ikkje er avgjort om dei kjem til å ta inn legemidla.

– Me har eit apotek på huset, og me vil difor ha ein dialog både med apoteket og eigarane av bygget før me tek avgjerda. Den diskusjonen blir ikkje teken før på nyåret, opplyser han.

Det viktigaste, slik Flatland ser det, er å tilfredsstille kundane på kjøpesenteret.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg brenn for at kundane skal ha tilgjenge til varene dei treng i heile opningstida. Men det er viktig at alle verksemdene på eit senter dreg i same retninga, meiner han.

– Service viktigast

Ica Spar Mat, i daglegtale Seljord Handelslag, har fått godkjenning og kjem til å selje reseptfrie legemiddel. Butikkeigar Olav Braaten opplyser at dei enno ikkje har fått varer, men vil koma i gang med salet så fort som råd.

– Korleis blir prisnivået?

– Det blir ikkje noko hard satsing på dette salet. Me ser det mest som ein service overfor kundane, særleg på kveldar og laurdagar. Men varene blir nok heller billigare enn i apotekutsal, trur Braaten, som berre vil ta inn dei mest kjende merkevarene.

For Rimi-butikken i Seljord er det enno ikkje søkt om løyve. Men regionsjef Morten Fretheim seier det vil bli vurdert fortløpande, og at det absolutt kan bli aktuelt å ta inn slike varer i butikken.

Statoil i Seljord har fått klarsignal, men innhavar Kjell Birger Teigen veit ikkje når salet vil starte. Det same gjeld også Statoil i Kviteseid, der dagleg leiar Johnny Bakken, opplyser at salet truleg vil starte på nyåret ein gong.

Daglegvarehandelen i Kviteseid tilbakehaldne

Matbutikkane i Kviteseid, derimot, er noko tilbakehaldne. Dagleg leiar av Spar, Halfdan Jacobsen, fortel at butikken har salsløyve, men han trur ikkje dei kjem til å selje medisinar.

– Eg synest butikken ligg for nært apoteket. Men øvste leiinga i Spar kan koma til å ta ei anna avgjerd, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Heller ikkje Findalen daglegvare kjem til å selje legemiddel.

– Me ser det som svært viktig å bevare apoteket i bygda, poengterer dagleg leiar Jorunn Tjønnstaul.

– Kan føre til endringar i apotekdekkinga

Innehavar av Kviteseid og Seljord Apotek, Svein G. Dahl, er lite glad for at butikkar og bensinstasjonar no skal selje reseptfrie medisinar.

– I verste fall kan det innebera endringar i apotekdekkinga i Vest-Telemark, som det også vil gjera i distrikts-Noreg elles. Men intensjonen frå styresmaktene si side var at hovuddelen av omsetnaden av reseptfrie medisinar framleis skal skje gjennom medisin- og apotekutsal, og at desse framleis skal bestå, seier han.

Han fortel at salet av reseptfrie medisinar utgjer kring tjue prosent av omsetnaden ved dei to apoteka og dei femten medisinutsala i vestfylket.

Håpar på lojalitet

Apotekaren er spent på kor lojale folk er mot medisinutsala.

– For det fyrste har medisinutsala eit mykje større utval enn butikkar og bensinstasjonar vil kome til å ha. Medisinutsala er apoteka sin forlenga arm, og har dermed lov å gje informasjon om bruken av medisinane, noko dei nye utsalsstadane ikkje vil ha, fortel han.

Nokon stor reduksjon i salet av reseptfrie medisinar i apotek og medisinutsal ventar han ikkje.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg reknar med at folk vil vera lojale mot apoteka og medisinutsala, og er difor ikkje så veldig pessimistisk, uttalar han.