Butikken i Kviteseid har halde det gåande i meir enn femti år. No er den tradisjonsrike forretninga konkurs.
Butikken i Kviteseid har halde det gåande i meir enn femti år. No er den tradisjonsrike forretninga konkurs.

Kviteseid Radio–TV er konkurs

Før helga slo Expert-butikken i Kviteseid seg sjølv konkurs. Største kreditor er Sparebanken Din.

– Selskapet sjølv såg at det ikkje var grunnlag for vidare drift, seier styrar for konkursbuet, advokat Inge Evja i Kviteseid.

Det var i januar 2014 at Lasse Lundeberg og faren, Knut Birger Lundeberg, tok over drifta av Expert-butikken i Kviteseid. Tal frå Brønnøysundregistra syner at verksemda gjekk med 118 000 kroner i underskot fyrste driftsåret, medan resultat før skatt viste minus 273 000 kroner i 2015. Verksemda står oppført med fem tilsette.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er ei tradisjonsrik verksemd som no har stengt dørene. Hallvard Lie og Trygve Rollefstad starta Kviteseid Elektriske i byrjinga av 1960-talet. Harald Gribowski var med sidan 1976, og stod som innehavar då Lundeberg overtok butikken. Då hadde forretninga sidan årtusenskiftet vore ein del av Expert-kjeda.

Bustyraren opplyser at den største kreditoren er Sparebanken Din. Kva som vil skje med varene; om det blir opphøyrssal eller om varebehaldninga blir seld samla er enno ikkje avklart.

– Dette vil bli avgjort i samråd med kreditorane, seier Evja.