Tokke industrier er konkurs
Bedrifta som tidlegare var kjent under namnet Bergen Plastics Composite meldte tysdag oppbod til Vest-Telemark tingrett.
– Eg har hatt litt kontakt med bedrifta den seinare tida, og eg er ikkje overraska over at det heile enda med konkurs. Det var nok den vegen eg fekk inntrykk av at det ville gå, seier Tokke-ordførar Jarand Felland (Sp) til VTB.
Tokke kommune har uteståande om lag 3,5 millionar kroner av bedrifta, men Felland er usikker på kva som vil skje med pengane.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Me melder sjølvsagt kravet vårt til bustyrar, så får me sjå kva som skjer. Prosessen med konkurshandsaminga må gå sin gang. Kommunen eig tomta som er ei festetomt, medan selskapet eig bygget der fabrikken heldt til. Festeavtala varer fram til 2026, forklarer Felland.
Etter det VTB kjenner til blei straumen avslegen og dørene låst i fabrikklokalet for ei tid sidan.
– Det er trist at bedrifta ikkje fann det mogleg å drive vidare. Konkurransen på marknaden er knallhard, og det var etter kvart vanskeleg å konkurrere på pris, seier Felland.
No håpar han at andre aktørar kan fatte interesse for å starte med noko i bygget, men fyrst må altså handsaminga av konkursen og oppgjeret av buet bli ferdig.
– Me får ikkje gjort stort før prosessen er ferdig, slår Felland fast.