Vinje kommune og ordførar Jon Rikard Kleven ankar domen frå Vest-Telemark tingrett.
Vinje kommune og ordførar Jon Rikard Kleven ankar domen frå Vest-Telemark tingrett.

Kommunen ankar hyttedomen

Vinje kommune ankar domen i saka om tilknytingsavgifter for 15 hytter i Rauland.

Førre vekevann 15 hytteeigarar i Holtardalen i Rauland fram i rettssaka dei har reist mot Vinje kommune. No ankar kommunen saka til lagmannsretten.

Eigarane av dei aktuelle hyttene hadde betalt tilknytingsavgift for vatn og avløp til SF Eigedom, eigd av Sjur Fredriksen, som ikkje hadde betalt pengane vidare til Vinje kommune då selskapet gjekk konkurs hausten 2014. Kommunen sendte så krav om innbetaling av avgiftene direkte til hytteigararane ved joletider same året, og 15 hytteeigarar svara med å gå til sak mot kommunen. Hytteeigarane vann fram i tingretten og fekk medhald i at dei ikkje treng å betale tilknytingsavgifta til kommunen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ikkje samde i rettsbruken

Vinje formannskap drøfta saka bak lukka dører torsdag, og fredag sendte dei ut ei grunngjeving om kvifor dei er usamde i rettens avgjerd og dermed ankar.

– Kommunen er ikkje samd i tingretten sin rettsbruk. Vi meiner mellom anna at tingretten tek feil når det gjeld spørsmålet om kven som er å sjå på som «eier av fast eigedom» etter dette lovverket, står det i pressemeldinga som er underteikna av ordførar Jon Rikard Kleven.

– Tingretten har lagt til grunn at det ikkje er hyttefolka som er å sjå på som eigarar av eigedomane. Det meiner vi er feil. Vi meiner òg retten tek feil når den legg til grunn at hytteeigarane ikkje er å sjå på som abonnent i februar 2013, skriv kommunen vidare.

– Vi meiner vidare òg retten sin konklusjon om når plikta til å betale tilknytingsavgift oppstod er feil. Tidspunktet må vere eit anna enn det retten har lagt til grunn. Det er òg andre veikskapar med tingretten sin rettsbruk. Spørsmålet i saka blir ikkje løyst direkte av korkje lovteksten, lovførearbeida eller rettspraksis. Kommunen har då i alle høve trong for ei rettsleg meir prinsipiell avklaring enn ein underrettsdom, avsluttar dei.

Dette meinte retten:

I domen legg Vest-Telemark tingrett til grunn at ingen av hytteeigarane hadde overteke hyttene då det blei gjeve byggjeløyve og då hyttene blei knytt til det kommunale vass- og avlaupsnettet.

Retten slår fast at kommunen har vedteke eit regelverk som ikkje seier noko om at kravet kan rettast mot etterfylgjande eigarar, slik hytteeigarane er. Vidare at kommunen etterpå har praktisert det på ein slik måte at hytteeigarane har fått forventing om at dei kunne betale med frigjerande verknad til SF Eiendom, skriv dommarfullmektig Are Nygård Bergh i domen.

– Då blir det openbart urimeleg om hytteeigarane no skal bli nøydd til å betale beløpet på ny til kommunen. Retten har kome til at kommunen ikkje har heimel til å krevje at hytteeigarane betaler tilknytingsgebyret. Vinje kommune sitt vedtak om å krevje tilknytingsgebyr frå hytteeigarane er derfor ugyldig», har retten kome til.

Ankar: Ordførar Jon Rikard Kleven og Vinje kommune er usamde i Vest-Telemark tingrett sin rettsbruk, og meiner det uansett er trong for ei meir prinsipiell avgjerd enn i tingretten, «då spørsmålet i saka ikkje blir løyst direkte av korkje lovteksten, lovførearbeida eller rettspraksis».