Kjetil Kaasin - hytteeigar Holtardalen Rauland. Ein av 15 hytteeigarar som vann fram i sak mot Vinje kommune. (Arkivfoto)
Kjetil Kaasin - hytteeigar Holtardalen Rauland. Ein av 15 hytteeigarar som vann fram i sak mot Vinje kommune. (Arkivfoto)

Vinje må betale tilbake tilknytingsgebyr

Vest-Telemark tingrett meiner Vinje kommune har gjort eit ugyldig vedtak om å krevje tilknytingsgebyr frå 15 hytteeigedomar i Rauland.

Rettssaka handlar om 15 hytteeigarar som i perioden 2012 og 2013 kjøpte tomt og hytter av SF Eiendom i Holtardalen. I kjøpekontraktane stod et at tilknytingsavgifta for å kople seg til vass- og avlaupsnettet skulle betalst til SF Eiendom, som så skulle betale vidare til Vinje kommune. Men det siste blei ikkje gjort, og i staden gjekk pengane til mellom anna å betale snikkarar og leverandørar.

SF Eiendom gjekk konkurs hausten 2014, og ved joletider same året fekk hytteeigarane krav frå kommunen om avgifta. Det enda med at hytteeigarane saksøkte kommunen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Openbart urimeleg

Ingen av hytteeigarane hadde overteke hyttene då det blei gjeve byggjeløyve og då hyttene blei knytt til det kommunale vass- og avlaupsnettet.

Retten slår fast at kommunen har vedteke eit regelverk som ikkje seier noko om at kravet kan rettast mot etterfylgjande eigarar, slik hytteeigarane er. Vidare at kommunen etterpå har praktisert det på ein slik måte at hytteeigarane har fått forventing om at dei kunne betale med frigjerande verknad til SF Eiendom.

«Då blir det openbart urimeleg om hytteeigarane no skal bli nøydd til å betale beløpet på ny til kommunen. Retten har kome til at kommunen ikkje har heimel til å krevje at hytteeigarane betaler tilknytingsgebyret. Vinje kommune sitt vedtak om å krevje tilknytingsgebyr frå hytteeigarane er derfor ugyldig», har retten kome til.

Vinje kommune må no betale tilknytingsgebyret tilbake til hytteeigarane. Vidare viser retten til at i fylgje forvaltingslova har hytteeigarane krav på å få dekt utgiftene i samband med den kommunale klagebehandlinga, ein sum på totalt 77 239 kroner.

I tillegg har advokaten til dei 15 hytteeigarane levert ei kostnadsoppgåve på 356 487 kroner. Kommunen må betale også denne kostnaden.

Tilknytingsgebyra kommunen må betale tilbake er på totalt 1,4 millionar kroner litt ulikt fordelt på dei 15 eigarane.

Rettens administrator var dommarfullmektig Are Nygård Bergh.

Vinje kommune ynskjer ikkje å kommentere domen før dei har sett seg inn i han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les tidlegare saker: 

Kommunen møter hytteeigarar i retten

Føler seg overkøyrde 

Ventar i spenning på dommen