Kanalparken utvidar
Miniatyrutgåva av Telemarkskanalen var med på å gje Vest-Telemark museum ein formidabel auke i besøkjande i fjor. I år har attraksjonen fått nye tilvekstar.
– Det var merkbart mange fleire born og unge innom i fjor enn tidlegare. Ein auke på over 70 prosent i det totale besøkstalet i 2015 vitnar om at me verkeleg har noko å tilby gjestene våre, smiler Karl Endre Bjerk, prosjektansvarleg for miniatyrkanalen.
Hotell, pakkhus og kraftstasjon
Nytt av året er ein modell av Hotel Dalen som er plassert i rette enden av kanalen.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det var Birger Bastiansen som i si tid laga modellen, og me fekk modellen av hotellet på Dalen. For å bevare han har me plassert miniatyrkopien i ei kasse laga av pleksiglas, forklarer Bjerk.
I tillegg har det blitt sett opp to pakkhus, eitt i kvar ende – Dalen og Skien.
– Pakkhusa brukar me til å lagre kanalbåtane, seier han.
Stor trafikk
Kanalparken opna fyrste juli i fjor. Pågangen blei mykje større enn venta, og det har gjort at museet i mykje større grad er betre førebudd på trafikken som kan kome.
– Den gledelege store trafikken i fjor har gjort at me har endra litt på bemanninga. Det er behov for å vere fleire til å sjå etter at alt går greitt i kanalparken, fortel Bjerk.
– Korleis gjekk det til dømes med det tekniske; opning og stenging av slusene i fjor?
– Det gjekk overraskande bra. Me var veldig spente på korleis det ville gå, men erfaringane våre var at dersom borna fekk litt opplæring så gjekk det bra. Tålmodige var dei også. Me fekk våre erfaringar i fjor som me kjem til å bruke i år, seier han.
Lærer historie
Bjerk seier at i tillegg til å «køyre» båtane får både unge og vaksne informasjon om Telemarkskanalen og attraksjonane langsmed.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Nytt av året er også ein kopi av kraftstasjonen på Hogga. Lærlingane hjå Statkraft har laga han, fortel Bjerk.
Han fortel at planen er å ha klare ein eller fleire nye attraksjonar langs kanalen kvar sesong framover.
– Me må prøve å fornye oss litt kvart år. Det gjeld sjølvsagt ikkje berre kanalparken. Elles har me fått på plass ei sandkasse forma som lastebåten Dyre Vaa, som i si tid gjekk på kanalen med varer og gods, avsluttar Bjerk.