Holtardalen.
Holtardalen.

Politirassia mot «kongen av Holtardalen»

Advokat og dagleg leiar av Rauland Invest gjennom mange år, Stein Birger Johnsen, vart ved 11-tida i dag pågripen av politiet. Han er sikta for grov økonomisk utruskap i selskapet.

Økoteamet ved politiet i Telemark gjennomførde i dag i samarbeid med Økokrim ein samordna aksjon med ransakingar på fleire adresser i Grenland og i Rauland, opplyser politiadvokat Gunnstein Bjørgum til Vest-Telemark blad.

Til grunn for ransakinga låg ei rettsleg avgjerd som gav grønt lys for ransakingane. Samstundes avgjorde politiet at ein person skulle pågripast, opplyser Bjørgum. Bjørgum vil ikkje opplyse namn korkje på den pågripne eller på selskapet han har vore dagleg leiar for, men VTB kjenner realitetane. Det er berre ein person og eitt selskap det kan vere snakk om.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tilbakehalden

Johnsen vart pågripen i Porsgrunn, teken med til advokatkontoret sitt i Skien og sidan transportert til Telemark politikammer for avhøyr, opplyser Bjørgum.

– Det skal no gjennomførast omfattande avhøyr med den pågripne og ein god del vitneavhøyr, opplyser Bjørgum. Han held det opent om det blir aktuelt å be om varetektsfengsling. Han seier at politiet vil nytte tida fram til fristen for framstilling, to døgn, før ein tek endeleg stilling til om det er behov for varetektsfengsling.

Bjørgum held det også opent om det kan vere aktuelt å sikte fleire personar i saka.

Meld til politiet

Bjørgum opplyser at politiet har arbeidd med saka i lengre tid før ein gjekk til retten og fekk samtykke til ransakingar. Aksjonen i dag har vore planlagd i samarbeid med Økokrim i Oslo i lengre tid. Han opplyser vidare at i botnen for arbeidet med saka, ligg det ei melding til politiet med oppmoding om etterforsking.

VTB kjenner til at Stein Birger Johnsen vart meld til politiet for fleire månadar sidan. I eit omfattande dokument er Johnsen meld for underslag, økonomisk utruskap, bedrageri, skatteunndraging, brot på aksjelova med meir.

Etter dette er det liten grunn til å tvile på at det er Stein Birger Johnsen som er målet for aksjonane og etterforskinga som no pågår.

VTB fekk i går kjennskap til at det skal ha vore ein uvanleg stor aktivitet i lokala til Rauland Skisenter tysdag gjennom dagen og kvelden, altså dagen før politiransakinga.

Politiadvokat Bjørgum seier at han er ukjent med dette men at han noterer seg opplysningane med interesse.

Artikkelen held fram under annonsen.

Krumtappen

Stein Birger Johnsen har vore krumtappen i den storstila hytteutbygginga i Holtardalen frå starten og fram til i dag. Og han har fått tilnamnet «Kongen av Holtardalen». Inngangsbilletten var kjøp av eit stort tomteområde som han i 2005 kjøpte av den no pensjonerte politiembetsmannen, Tov Svalastog, for fem millionar kroner. Dei har også hatt tett samarbeid i åra seinare.

Johnsen er også mellom anna styreleiar i Visit Telemark AS.

«Hemnaksjon»

Advokat Johan Henrik Frøstrup uttalar til VTB at arrestasjonen av Johnsen er basert på «ein hemnaksjon frå ein person som Johnsen tidlegare har hatt kontroversar med». Han legg til at han «trur saka blir lagt vekk så snart politiet har sett seg inn i saka». «Siktinga er basert på at Johnsen gjennom fem år skal ha heva advokatsalær frå firmaet Rauland Invest for tenester som ikkje er utførd – altså på luft. Slik er det sjølvsagt ikkje. Her ligg det føre både revisorgodkjende og skattegodkjende rekneskap», seier Frøstrup.